Fjernsyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fjernsynsapparat frå 1950-åra.
Flatskjermsfjernsyn til sals hos Elkjøp i 2006.

Eit fjernsyn, fjernsynsapparat eller TV (kort for televisjon) er eit elektronisk apparat som ved hjelp av ei VHF/UHF-antenne eller ein satellittmottakar tek imot radiobølgjer på ein viss frekvens og så omgjer dei til bilete og lyd. Fjernsyn har vore kommersielt tilgjengelege sidan 1930-åra, og er i dag vanleg å sjå i heimar over heile verda.

Det første halvmekaniske analoge fjernsynsystemet blei demonstrert i februar 1924 av skotten John Logie Baird. I 1927 sende han eit fjernsynssignal over telefonlinja frå London til Glasgow.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]