Fjernsynsserien Rome

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rome

Typefjernsynsserie
SjangerHistorisk drama
OpphavslandStorbritannia, USA, Italia
Produksjonsland USA
 Italia
 Storbritannia
Introduksjonsår2005
Sesongar2
Episodar22
Lengd44-65 minutt
SpråkEngelsk
SkaparJohn Millius
William J. McDonald
Bruno Hellie
RegiMichael Apted, Tim Van Patten
ProduksjonsleiarBruno Hellier
John Melfi
Anne Thompson
William J. McDonald
John Millius
MusikkJeff Beal
MedverkandeKevin McKidd
Ray Stevenson
Ciarán Hinds
Kenneth Granham
Lindsay Duncan
Tobias Menzies
[Kerry Condon]]
Karl Johnson
Indra Varma
David Bamber
Max Pirkis
Lee Boardman
Nicholas Woodeson
Suzanne Bertish
Paul Jesson
James Purefoy
Polly Walker
Simon Woods
Lynsey Marshall
Ian McNeice
Periode28. august 2005
25. mars 2007
KanalHBO
BBC
Biletformat1080i (HDTV)

Rome er ein kritikarrosa historisk fjernsynsserie produsert av HBO og BBC. Den fyrste sesongen av serien vart vist i USA mellom 28. august og 20. november 2005. I Noreg vart han vist på Canal + vinteren 2006, og vart vist på TVNorge hausten 2006.

Serien går føre seg i Roma i seinrepublikken. Julius Cæsar er akkurat ferdig med kampananjane sine i Gallia (Gallarkrigane), men kan ikkje vende heim til Roma på grunn av mangelen hans på samarbeid med senatet i den nemnde kampanjen. Cæsar sin borgarkrig mot Pompeius vert difor sentralt i serien. Samtidig får ein eit innblikk i oppveksten til Octavianus (seinare keisar Augustus) og dei dynastiske stridane mellom familien Julii og Junii, to av dei mektigaste familiane i Roma, og hendingane som til slutt kulminerer med mordet på Cæsar i 44 f.Kr..

Den overordna handlinga er sentrert rundt dei rike, mektige og historisk signifikante personane i Roma, men perspektivet i serien er gjennom auga til to vanlege soldatar, og deira daglegdagse liv i dei dårlegare strøka i Roma. Personane er Lucius Vorenus og Titus Pullo, to vanlege soldater og dei einaste personane som er nemnde i Julius Cæsar si forteljing om Gallarkrigane i Commentarii de Bello Gallico.

Rome vart nominert for 2 Golden Globe i 2005: for beste dramaserie og for beste skodespelarinne i ein fjernsynsserie, Polly Walker.