Fjernsynsserien Skam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skam

Typefjernsynsserie
SjangerDrama
OpphavslandNoreg
Produksjonsland Noreg
Sesongar4
Episodar43
Lengd15–50 min. (per episode)
SpråkNorsk
SkaparJulie Andem
Periode25. september 2015–
24. juni 2017
KanalNRK
Biletformat16:9

Skam (stilisert som SKAM) er ein norsk dramaserie som handlar om livet til fleire ungdommar på Hartvig Nissens skole i Oslo. Serien blei først send i 2015 på NRK TV. Det har kome ut tre sesongar i serien, som kvar har fokusert på éin rollefigur (Eva i sesong 1, Noora i sesong 2 og Isak i sesong 3). Målgruppa for serien er rundt 15 år.

Serien er produsert av NRK P3. Han blir send på nettsida til serien med nye klipp kvar dag som blir satt saman til en episode kvar fredag. Serien blir også vist på NRK3 og ble fyrste gong vist i 2015. Fyrste klipp kom ut på nettsida 22. september, mens fyrste hele episode kom ut fredag 25. september. I gjennomsnitt har nettsida 1,2 millionar brukarar per veke og meir enn en million personer strømmer episodane.[1] Den fyrste episoden av Skam er ein av de mest sette enkeltepisodane på NRK TV (nett-tv) nokonsinne.[2] I fyrste veka av juni 2016 utgjorde strøyming av Skam over halvparten av all strøymetid på NRK Nett-TV.[3]

TV-serien fekk god kritikk og har fått ros for å ta opp viktige tema som overgrep, valdtekt og press på ein opplysande og nyskapande måte.[4] Skam blei kåra til årets beste TV-serie i 2015 av NATT&DAG.[5] Serien vann fem prisar under Gullruten 2016: beste TV-drama, beste nye programserie og årets nyskaping, i tillegg til fagprisane for beste klipp TV-drama (Ida Vennerød Kolstø) og årets innovasjon (Julie Andem og Mari Magnus).[6]

Konsept[endre | endre wikiteksten]

Konseptet handlar om at ein følgjer rollefigurene sine fiktive liv frå dag til dag på nettsida til Skam og følgje liva deira på sosiale medium, blant anna Instagram og Facebook. I løpet av veka blir det lagt ut korte episodar kvar dag, mens på slutten av veka blir alle episodane samla til ein stor episode som blir lagde ut på NRK sine nettsider. I tillegg blir episodane også sende på NRK3. Skam handlar om korleis det er å vere elev på videregående skule idag.

Sesong 1[endre | endre wikiteksten]

Eva Kviig Mohn (spelt av Lisa Teige) er hovudfigur i fyrste sesong. Handlinga fant stad hausten 2015 og Evas vennegjeng – Noora, Vilde, Sana og Chris – er sentrale karakterar. Mykje av sesongen handla om Eva og kjærasten Jonas' turbulente forhold.

Sesong 2[endre | endre wikiteksten]

Noora Amalie Sætre (spelt av Josefine Frida Pettersen) er hovudfigur i andre sesong. Handlinga finn sted våren 2016. Sesongen handla om livet hennar gjennom vårsemesteret på Hartvig Nissens VGS og særlig om forholdet hennar til tredjeklasse gutten William. Fjerde episode, «Jeg visste det var noe rart med henne», var ei påskespesial.

Sesong 3[endre | endre wikiteksten]

Isak Valtersen (spelt av Tarjei Sandvik Moe) er hovedfigur i tredje sesong. Handlinga fant sted hausten 2016. Sesongen fokuserer meir på korleis det er å vere homofil i Noreg, hvilke utfordringar dei møter på.

Hovudroller
  • Lisa Teige som Eva Kviig Mohn (hovudfigur i sesong 1) [[[««Skam»: Høstens viktigste på TV»|7]]]
  • Josefine Frida Pettersen som Noora Amalie Sætre (hovedfigur i sesong 2)[[[««Skam»: Høstens viktigste på TV»|7]]]
  • Tarjei Sandvik Moe som Isak Valtersen (hovedfigur i sesong 3)[[[««Skam»: Høstens viktigste på TV»|7]]]
  • Birolla[rediger | rediger kilde]
  • Marit Synnøve Berg som Evas mor
  • Justina Diekontaite som Argentina
  • Carl Martin Eggesbø som Eskild Tryggvasson
  • Ulrikke Falch som Vilde Lien Hellerud
  • Thomas Hayes som William Magnusson
  • Marlon Valdés Langeland som Jonas Noah Vasquez
  • Cecilie Martinsen som Ingrid Theis Gaupseth
  • Iman Meskini som Sana Bakkoush
  • Rakel Øfsti Nesje som Linn Larsen Hansen
  • Johan Ratvik som Igor
  • Elias Selhi som Elias
  • Ina Svenningdal som Chris Berg
  • Herman Tømmeraas som Christoffer Schistad
  • Fredrik Vildgren som Nikolai Magnusson
  • Kristina Ødegaard som Sara Nørrstelien
  • Henrik Holm som Even Bech Næsheim
  • Ruby Dagnall som Emma W. Larzen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Donadio, Rachel (9. desember 2016), «Will ‘Skam,’ a Norwegian Hit, Translate?», The New York Times, ISSN 0362-4331, henta 10. desember 2016 
  2. «NRK treffer blink fra skolegården». Aftenposten. Henta 24. mai 2016. 
  3. «Hvordan måler man en braksuksess?». NRKbeta. Henta 4. juni 2016. 
  4. «Dette blir den nye hovedpersonen i Skam sesong 3». Aftenposten. 29. juni 2016. Henta 30. juni 2016. 
  5. «Vinnerne av NATT&DAGs rikspriser 2015! Årets musikk! Årets film! Årets STEMME!». NATT&DAG. 10. februar 2016. Henta 23. april 2016. 
  6. «Skam-jentene stjal showet på Gullruten». VG. 13. mai 2016. Henta 14. mai 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]