Hopp til innhald

Fjernsynsteatret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjernsynsteatret
Skipa1960
Nedlagd1991
LandNoreg

Fjernsynsteateret var ei avdeling og eit fast programtilbod frå NRK som produserte teaterstykke som kunne visast på fjernsyn. Det hadde eit fast ensemble, og synte både norsk og utanlandsk dramatikk. Fjernsynsteateret blei skipa 8. september 1960, og blei lagt ned i 1991. Det blei erstatta av NRK Drama.[1]

Den fyrste framsyninga, Telefonkiosken av Peter Brook, blei vist allereie 8. april 1959 då det berre var ei prøveordning. Arild Brinchmann var leiar for Fjernsynsteatret frå starten til 1967, Tore Breda Thoresen 1967-80, og Magne Bleness frå 1980 til 1990.[1][2]

Dei fyste førestillingane blei sende direkte frå ei oppføring. Fjernsynsteatret var lenge eit filma teater, men etterkvart blei det friare i forma, med filmatisering av fleire norske romanar. I byrjinga hadde Fjernsynsteateret ein årsproduksjon på 20-25 oppsetjingar. Seinare gjekk talet på eigenproduksjonar ned, etter kvart som det utvikla meir omfattande og kostbare produksjonsmetodar.[1] I staden blei det også kjøpt inn og sendt stykke frå Norden og Europa.

Fjernsynsteateret produserte alle samtidsdramaa til Ibsen, og stykke av kjende norske forfattarar som Holberg, Garborg, Bjørnson, Hoem, Hamsun og Kielland. På 1960-talet var teateret den viktigaste eksperimentelle scena i landet, og produserte moderne, absurde stykke basert på forfattarar som Beckett og Pinter. Dette gjekk an fordi Fjernsynsteateret hadde statleg støtte, og ikkje var avhengig av inntekter frå publikum.[1] Det fekk ein del kritikk for å syna utilgjengelege verk.

Oppsetjinga av moderne dramatikk, utviklinga av filmatiseringar og sysselsetjinga av norske skodespelarar og regissørar har hatt stor tyding for utviklinga av norsk film og teater.[1]

Regissørar (utval)

[endre | endre wikiteksten]

Regissørar som var mykje brukte i Fjernsynsteatret opp gjennom åra er mellom anna:

  • Arild Brinchmann
  • Tore Breda Thoresen
  • Egil Kolstø
  • Per Bronken
  • Magne Bleness
  • Pål Løkkeberg
  • Svein Scharffenberg
  • Terje Mærli
  • Eli Skolmen Ryg
  • Ulf Breistrand
  • Sverre Udnæs
  • Jarl Emsell Larsen