Fjodor Bredikhin
Utsjånad
Fjodor Aleksandrovitsj Bredikhin (8. desember 1831–14. mai 1904) var ein russisk astronom. Han er kjend for arbeida sine om kometar, særleg forma deira. Han studerte òg meteorar og meteorsvermar
I 1857 var han professor i Moskva og 1873 direktør ved observatoriet der. I 1890–1895 var han direktør for Pulkova observatorium.
Asteroiden 786 Bredichina og krateret Bredikhin på månen er namnsette etter han.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Fjodor Aleksandrovitsj Bredikhin», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 26. mai 2016