Fjordenes Tidende
| Fjordenes Tidende | |||
| Type | Dagsavis (tre dagar i veka) | ||
|---|---|---|---|
| Format | Tabloid | ||
| Oppretta | 5. april 1910 | ||
| Første trykk | 1909 | ||
| Språk | norsk | ||
| Målform | Målformnøytral (mest nynorsk) | ||
| Lokalavis for | Nordfjord (Kjerneområde: Måløy) | ||
| Eigarskap | Sunnmørsavisene AS (98,5%) Mindre eigarar (1,5%) | ||
| Opplag | 5 684 (2005) 6 085 (2002) | ||
| Redaksjonskontor | Gate 1, nr. 119, 3. etasje | ||
| Postnummer | PB 55, 6701 | ||
| Stad | Måløy | ||
| Ansvarleg redaktør | Dag H. Nestegard (2024) | ||
| Nettstad | http://fjt.no | ||

Fjordenes Tidende er ei norsk avis som kjem ut i Måløy. Avisa dekker ytre Nordfjord i kommunane Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven. Ansvarleg redaktør er Dag H. Nestegard frå Svelgen.[1]
Måløyavisa vart skipa i 1910, som eit organ for Frisinnede Venstre. Frå 1931 gjekk avisa over til å bli ei av Høgre sine mange lokalaviser.
Avisa var ei av dei første som utfordra dei partipolitiske grensestolpane i samtida. Bladstyraren gjennom 25 år, Per-Gunnar Larsen, hevda ei fri redaksjonell stilling innanfor høgrepressa, og slapp unna med det. [treng kjelde]
Avisa blei kjøpt opp av Orkla Media i 1994. I 2006 kom avisa i eiget til Mecom-kontrollerte Edda Media.Ho er no eigd av Polaris Media.
Fjordenes Tidende er den eine av fire aviser i Sogn og Fjordane som har nådd i eit opplag på over 7 000.[treng kjelde]
Opplagstal
[endre | endre wikiteksten]Utvikling i nettoopplag.[2]
| År | Nettoopplag |
|---|---|
| 2000 | 6 590 |
| 2001 | 6 326 |
| 2002 | 6 085 |
| 2003 | 5 896 |
| 2004 | 5 855 |
| 2005 | 5 684 |
| 2006 | 5 582 |
| 2007 | 5 483 |
| 2008 | 5 485 |
| 2009 | 5 434 |
| 2010 | 5 308 |
| 2014 | 4 648 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Breidalen, Svanhild (29. november 2023), «Dag flyttar heim til kysten og redaktørjobben i Fjordenes Tidende», fjt.no (på norsk), henta 1. desember 2023
- ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.