Fjordhest-NM

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fjordhest-NM eller Noregsmeisterskapen for fjordhest har blitt arrangert kvart år sidan 1986. Fjordhest-NM er den årlege stormønstringa for fjordhest-ekvipasjar, der det blir konkurrert i dressurriding, sprangriding, dressurkøyring, presisjonskøyring og maratonkøyring. Det har også blitt arrangert terrengritt og andre konkurransar.

Det blir kåra meistrar i dei ulike greinene, og det blir kåra noregsmeistrar for senior og junior, til den beste og mest allsidige ekvipasjen i tre konkurransar samanlagt: Dressurriding, sprangriding og høvesvis presisjonskøyring i juniorklassa og maratonkøyring i seniorklassa.

Til nokre av klassane er det kvalifiseringskrav, medan andre klasser har opa deltaking.

NM for fjordhest blir arrangert av lokale ride- og køyreklubbar, i samarbeid med lokale fjordhestlag og Norges Fjordhestlag. Den første meisterskapen i 1986 gjekk i Førde.

Meisterskapen har hatt aukande deltaking. Meisterskapen i 2009 hadde meir enn 100 deltakande ekvipasjar. Fjordhest-NM 2010 vart arrangert i Ørsta.

Det blir også arrangert Nordisk meisterskap for fjordhest, i det siste annakvart år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]