Flåklypa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flåklypa
dal
Land  Noreg
Fylke Innlandet fylke
Kommune Lom kommune
Kart
Flåklypa
61°47′25″N 8°27′09″E / 61.790261136111°N 8.4524666666667°E / 61.790261136111; 8.4524666666667

Flåklypa er namnet på eit skard ved garden Flå i Bøverdalen i Lom kommune, litt nord for garden Aukrust. Namnet «Flåklypa» blei brukt av Kjell Aukrust i Flåklypa Tidende og animasjonsfilmen Flåklypa Grand Prix.

Namnet Flåklypa kjem av at Bøverdalen sør for garden Flå smalnar inn til eit elvegjel med store steinar der bøndene i eldre tid risikerte å bli sijande fast når dei trakk lasset sitt på isen – dei sat fast i «klypa».[1]

Avkjørsel til Flåklypa er skilta frå riksveg 55 og riksveg 15 i Lom.[2]

Den fiktive bygda Flåklypa[endre | endre wikiteksten]

Flåklypa er namnet på ei fiktiv norsk bygd som var skapt av forfattaren Kjell Aukrust i 1950-åra.

Flåklypa ligg truleg i Gudbrandsdalen, og har kontakt til Østerdalen og til Valdres. Lokalavisa heiter Flåklypa Tidende, tidlegare Folk og Fe, og er utgjeven av Frimand Pløsen og sportsjournalist Melvind Snerken.

I bygda er det og eit ysteri, styrt av Ollvar O. Kleppvold, og hjelpt av Emanuel Desperados. Elles har bygda ein gamleheim, Krogryggen, der hobbyjuristen Sindre Piltingsrud deler rom med Myrullbråten. Reodor Felgen bur øvst på Flåklypatoppen.

Andre folk i bygda er minkeigar Jostein Kroksleiven, Roger Jurtappen, veterinær, enkefru Stengelføhn-Glad. Diktaren Hallstein Bronskimlet d.a.y. frå Volda skriv òg i lokalavisa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Flåklypa og deromkring», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 27. mai 2020 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 25. november 2006, henta 23. august 2007