Flåm Utvikling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Flåm Utvikling AS er eit reiselivsselskap som har til mål å styrke og vidareutvikle reiselivsnæringa i Flåm i Aurland kommune. Selskapet er eit dotterselskap til Aurland Ressursutvikling og vart stifta i 1997. Flåm Utvikling overtok frå 1. januar 1998 drifts-, produktutviklings- og marknadsføringsansvaret for Flåmsbana. NSB er likevel framleis driftsmessig ansvarleg for sjølve togføringa, og Jernbaneverket har ansvaret for skjenegang og signalanlegg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]