Flåm ferjekai
Flåm ferjekai | |||
Kategori | Ferjekai | ||
---|---|---|---|
Underkategori | Enkel kai | ||
Opna | 1967 | ||
Som del av | Flåm-Aurland-Kaupanger-Årdalstangen | ||
Stad | Flåm | ||
Kommune | Aurland | ||
Fylke | Vestland | ||
Nedlagd | 2000 (for offentlege bilferjer) | ||
Erstatta av | Lærdalstunnelen | ||
Flåm ferjekai 60°51′46″N 7°06′50″E / 60.862643594187°N 7.1139354772541°E |
Flåm ferjekai er eit ferjeanlegg rett attmed Flåm stasjon på Fretheim i Flåm i Aurland kommune. Den fyrste kaia vart vedteken bygd her av kommunen i 1878, og i 1882 vart Christian Fretheim tilsett som den fyrste bryggjeekspeditøren. I dei tidlegaste rutene inngjekk stoppestaden med namnet Fretheim, som er det eigentlege namnet på området nedst i Flåmsdalen.
Skikkeleg ferjekai og bilførande ferjesamband kom ikkje før i 1967, saman med ny ferjekai ved Aurlandsvangen, då fjellvegen (noverande Fylkesveg 5627) opna mellom Aurlandsvangen og Lærdal. Då fekk ein sambandet Flåm-Aurland-Kaupanger-Årdalstangen, og året etterpå kom Gudvangen-Aurland-Flåm. Sistnemnde samband vart erstatta av Gudvangatunnelen i 1991, medan det attverande ferjesambandet berre gjekk til Kaupanger etter 1993 og vart nedlagd med opninga av Lærdalstunnelen i 2000.
Med dette vart det slutt på bilferjedrift til og frå Flåm i offentleg regi, men kaia er framleis nytta av andre offentlege båtruter, sjå Skyss. I tillegg er kaia nytta av småferjer og båtar i regi av turistnæringa. Større skip nyttar seg av eit større og moderne hamneanlegg om lag 300 meter nordaust for ferjekaia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Finn Borgen Førsund (1998). Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Førde: Selja forlag. s. 144. ISBN 82-91722-04-8.
- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 75, 76. ISBN 978-82-91722-93-1.Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.