Flåmselvi

Koordinatar: 60°47′38.184″N 7°6′15.451″E / 60.79394000°N 7.10429194°E / 60.79394000; 7.10429194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°47′38.184″N 7°6′15.451″E / 60.79394000°N 7.10429194°E / 60.79394000; 7.10429194

Flåmsbana går langs elva.
Foto: Kenny Louie
Flåmselvi stuper ned i sjølve Flåmsdalen i Kjosfossen.
Foto: positivesustainability
Det går laks i nedste delen av elva.
Foto: Ulrika

Flåmselvi er ei elv i kommunane Aurland og Ulvik i Vestland. Ho drenerer eit nedbørfelt på 277 km², og har ved munningen ei middelvassføring på 15 m³/s.[treng kjelde]

Elva har utspring ved Omnsbreen nordom Hardangerjøkulen. I den øvre delen renn elva mot vest og deretter nordvest gjennom ein brei dal med mange vatn. Her heiter ho Molda eller Moldåni og Bergensbanen går langs denne delen av elva. Ved Myrdal stuper elva gjennom Kjosfossen ned i den eigentlege Flåmsdalen, og snur mot nord. Flåmsdalen er trong, og elva renn gjennom ei rekkje fall med strykparti i mellom. Nedover dalen renn mange større og mindre elver ut i Flåmselvi frå begge sider. Fleire av desse dannar høge fossar på veg ned dalsidene. Nokre av dei mest kjende er Myrdalsfossen, Tunshellefossen og Rjoandefossen. Elva munnar ut ved Fretheim (Flåm) inst i Aurlandsfjorden. Flåmsbana går langs elva frå Myrdal til fjorden. Vassdraget vart verna mot kraftutbygging gjennom Verneplan III for vassdrag i 1986.[1] Det er likevel to eldre, mindre vasskraftverk i Flåmselvi. Det er Kjosfoss kraftverk som vart bygd i samband med bygginga av Bergensbanen og som gjev straum til jarnbanen[2], og Leinafoss kraftverk i nedre del av Flåmsdalen.[3]

I nedste delen er Flåmselvi ei god lakselv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Knagenhjelm, Trude Knutzen. «Fossane i Flåm og Aurlandsfjorden». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 1. mars 2021. 
  2. NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon: «Den første kraftstasjonen»
  3. Norges vassdrags- og energidirektorat: «072/2 Flåmselvi», arkivert frå originalen 2. juni 2011, henta 16. november 2009 

  • Denne artikkelen bygger på «Flåmselvi» henta frå Wikipedia på bokmål den 16. november 2009.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Flåmselvi