Flåvær fyrstasjon
Utsjånad
| | |||
| Fylke | Møre og Romsdal | ||
|---|---|---|---|
| Kommune | Herøy | ||
| Funksjon | Leifyr | ||
| Oppretta | 1870 | ||
| Koordinatar | 62°18.9335′N 5°34.9568′E / 62.3155583°N 5.5826133°E | ||
| Fyrtårn | |||
| Høgd | 13,8 | ||
| Form | Kvit fyrbygning med tårn | ||
| Fyrlys | |||
| Lyskarakter | Tre okkulterande kvart 10. sekund | ||
| Lyshøgd | 16,8 moh. | ||
| Lysvidde | 13,2 nm | ||
| Status | |||
| Automatisert | 1979 | ||
| Avfolka | 1979 | ||
![]() Flåvær fyrstasjon 62°18′56″N 5°34′57″E / 62.3156019°N 5.5823893°E | |||
Flåvær fyrstasjon er eit fyr som ligg på den vesle Varholmen i Flåvær i Herøyfjorden, sørvest for Fosnavåg i Herøy kommune på Sunnmøre.
Fyret vart tent i 1870 og har ei fyrlykt som er plassert i toppen av fyrbustaden. I starten var fyret utstyrt med bevegelege skjermar og eit slags klippapparat av eldre fransk modell. Klippapparatet vart skifta ut i 1887 med eit meir moderne eitt.
I 1914 vart fyrbygningen ombygd og det vart sett inn ei ny lykt. Lyshøgda vart då auka med 1,1 meter til 16,8 meter over havet. I 1952 fekk fyret elektrisk straum og som reservekjelde vart det installert ein dieselmotor som generator. Fyret vart avbemanna og automatisert i 1979.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Norsk fyrliste 2008 - side 301» (PDF - 15 mb). Kystverket.
- Bjørkhaug, Birger og Poulsson, Sven. Norges Fyr, Fra Stad til Grense-Jakobselv, bind 2. Grøndahl & søn forlag AS, 1987
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Flåvær fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
