Hopp til innhald

Flórina

Flórina
Lokalt namn Φλώρινα

Utsyn mot Flórina
Geografi
StadMakedonía
Koordinatar40°47′N 21°24′E / 40.783°N 21.400°E / 40.783; 21.400
Areal827,6 km²
Administrasjon
LandHellas
Periferi
Periferieining
Vest-Makedonía
Flórina
HovudseteFlórina (17 188 innb.)
Demografi
Folketal29 500 (2021[1])
Folketettleik35,6 /km²

Flórina (gresk Φλώρινα) er ein by og ein kommune i periferieininga med same namn, der han er hovudstad, i Vest-Makedonía i Hellas. Sjølve byen har om lag 18 000 innbyggjarar, og ligg like sør for grensa til nabolandet Nord-Makedonia. Prespasjøen ligg vest for byen.

Flórina vart grunnlagd i tida under Austromarriket og vart erobra av Det osmanske riket på 1300-talet og først i 1912 etter den første balkankrigen vart han igjen ein del av Hellas. Byen vart derimot okkupert av Bulgaria under den andre balkankrigen og under den første og den andre verdskrigen.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]
Den tidlegare kommunen Flórina, no kommunaleininga Flórina

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 29 500 innbyggjarar, medan kommunaleininga Flórina hadde 19 198 og tettstaden med same namn 17 188 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

TettstadKommunaleiningFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
FlórinaFlórina17 68617 188
MelítiMelíti1 4321 212
AmmokhóriPérasma1 2501 077
ArmenokhóriFlórina986846
SitariáMelíti718533
SkopiáFlórina563508
VéviMelíti663498
PappajánnisMelíti581426
ItéaMelíti542423
NeokhorákiMelíti485385
PérasmaPérasma435358

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]