Fløyfjelltunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fløyfjelltunnelen
Offisielt namnFløyfjelltunnelen
TransportererBiltrafikk – 4 felt
StadBergen
KommuneBergen
FylkeHordaland
Lengd3,2 km (sør)
3,6 km (nord)
Trafikk48 074 (2023)[1][2]
Opna1988
Kart
Fløyfjelltunnelen
60°24′13″N 5°20′11″E / 60.403611°N 5.336389°E / 60.403611; 5.336389

Fløyfjelltunnelen er ein del av E39 og E16, på denne strekninga kalla Åsanevegen, går frå Sandviken til Kalfaret i Bergen. Fløyfjelltunnelen har to separate løp, kvart med to køyrebanar. Det sørlege løpet er 3,2 km langt og for trafikk inn til Bergen. Det vart teke i bruk i 1989, det andre (nordlege) løpet er 3,6 km langt, tek trafikken ut av sentrum og vart teke i bruk i 1988. Tunnelane vart laga for å leie biltrafikken utanom sentrum. Tunnelane går gjennom Fløyfjellet, eit av dei sju fjella kring Bergen.

Bergens mest stengde tunnel[endre | endre wikiteksten]

I 2010 var tunnelen heilt eller delvis stengd 216 gongar, noko som tilsvarar 110 timar og 10 minutt.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Trafikkdata Ev39 Fløyfjellstunnelen nordgående». Statens vegvesen. 
  2. «Trafikkdata Ev39 Fløyfjellstunnelen sørgående». Statens vegvesen. 
  3. Derfor var den stengt 216 ganger i fjor