Flachau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Landsbyen Flachau bak til høgre, med Reitdorf i forgrunnen og landsbyen Feuersang bak til venstre

Flachau er ein kommune i landskapet Pongau i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Kommunen har eit areal på 117,3 km² og i kring 2 700 innbyggarar i 2013. Flachau kommune består av landsbyane Feuersang og Flachau, samt bygdene Reitdorf og Höch. Landsbyen Flachau ligg 920 meter over havet.

Turisme er hovudnæring. Kommunen er knytt til turistsamarbeidet Ski amadé, eit av dei største skiområda i Austerrike. Skirennaren Hermann Maier er frå Flachau.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]