Flaggermus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flaggermus
Utbreiing
Utbreiinga av flaggermus
Utbreiinga av flaggermus
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Pattedyr Mammalia
Underklasse: Theria
Infraklasse: Placentale pattedyr Placentalia
Orden: Flaggermus Chiroptera
Blumenbach, 1779

Flaggermus, kveldskingler eller skinnvengjer (Chiroptera) er ein orden med små, flygande pattedyr. Dette er dei einaste pattedyra som kan flyge aktivt ved å slå med vengjene. Fleire andre pattedyr kan glideflyge, men ikkje flyge i eigentleg forstand. Systergruppa til flaggermus er Zooamata.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Det er skildra kring 950 artar med flaggermus, men ein reknar med at det finst kring 1100. Meir enn 1/7 av alle pattedyrartane på jorda er flaggermus. Artane er fordelte på 17 familiar[1] som er delte inn i dei to hovudgruppene flygehundar (Megachiroptera), som primært lever av frukt og/eller nektar som dei luktar seg fram til, og småflaggermus (Microchiroptera), som primært lever av insekt, smådyr, blod eller nektar.

Flaggermus er stort sett anten små museliknande eller hundeliknande pattedyr med pelskledd kropp. Flygehuda på vengjene er stort sett utan hårvekst. Vengjene er samansette av eit dobbelt hudlag som er spent mellom kroppen og dei lange fingrane. Mellom hudlaga går det nervar og blodårer. Vengespennet varierer mykje frå art til art, frå 15 cm til 1,5 meter. Flaggermus har skarpe tenner og kan ete opp mot 3 000 insekt i løpet av ei natt.

I Noreg er det registrert tretten artar som alle høyrer til glattnaseflaggermusa (Vespertilionidae) og høyrer heime mellom småflaggermusa. Norske og europeiske artar lever av insekt.

Flygande flygehund, Pteropus seychellensis, på Seychellane.
Ung flaggermus.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Flaggermus er helst nattaktive. Berre unntaksvis kan ein sjå flaggermus flyge på dagtid, sjølv om nokre artar òg er dagaktive. Dette er helst tropiske artar. Flaggermus kviler hengande etter bakbeina, med hovudet vendt nedover. Dette gjer at dei kjapt kan kome på vengjene. Det er observert at flaggermus alltid tek til venstre når de flyg ut av ei hòle.

Flygedugleik[endre | endre wikiteksten]

Fingrane til flaggermus er tynne og sterke, og forbundne med kvarandre med tynn hud. Mellom den femte fingeren, kroppen og beina er det òg tynn hud. Alle dei heimlege flaggermusene våre har flygehud mellom beina og halen. Flaggermus som sit på bakken, kan lette utan å fyrst klatre opp til eit startpunkt. Ho spenner frå med venger og bein. Flaggermusa kan ikkje gli på stive vengjer, som fuglane kan, men må slå kontinuerleg med vengjene for å oppretthalde oppdrifta.

Dvale[endre | endre wikiteksten]

Fordi europeiske flaggermus lever av insekt, får dei vanskelegheiter når vinteren kjem og insekta forsvinn. Difor går dei i dvale. Når dei går i dvale søkk pulsen frå kring 500 slag i minuttet til berre eitt slag i minuttet. Ved normal aktivitet har flaggermusa ein kroppstemperatur opp mot 40 grader Celsius, men når dei går i dvale søkk temperaturen til nærare 0 grader. Då må dei tære på feittlaget dei har opparbeida. Dei kan miste opptil ein tredjedel av den vekta dei hadde før dvalen. Difor er det viktig at dei får i seg nok næring i sommarhalvåret. Dvalen varer i cirka 6-7 månader. Dei som går i dvale fyrst er oftast dei eldre hoene, så dei vaksne hannane, og deretter året ungar. Ungane kjem til slutt fordi dei ikkje har rokke å vakse seg ferdige og må leggje på seg meir.

Navigering[endre | endre wikiteksten]

Flaggermus er helst nattaktive og orienterer seg med ekkolokalisering (òg kalla biosonar), på liknande måte som tannkvalar. Somme nektardrikkande flaggermus kan òg sjå UV-lys om natta. Denne eigenskapen nyttast mellom anna til å finne blomar med.

Når flaggermusa flyg, sender ho ut høgfrekvente lydar (ultralyd) kalla sonarskrik eller orienteringsskrik. Lyden støyter dei ut med vengjeslaga, så ein kan hevde at små flaggermus, som må slå ofte med vengjene, har kortare intervall mellom skrika enn dei store flaggermusene. Ulike artar nyttar òg ulike orienteringsskrik, tilpassa sitt miljø. Når lyden blir reflektert, dannar flaggermusa eit bilete ved hjelp av ekkosignala. Orienteringsskrika ligg i området 20-100 kHz, høgare frekvensar enn kva menneske kan oppfatte. Dei minste artane har dei mest frekvente skrika. Eksempelvis har dvergflaggermus eit orienteringsskrik på ca. 55 kHz, medan den større trollflaggermusa sitt skrik ligg på ca. 38 kHz. Flaggermus kan likevel i ei viss grad endre på (tilpasse) skrika sine, til dømes gjennom å gjere dei meir høgfrekvente når dei må navigere i vanskeleg terreng (til dømes i skog), og meir lågfrekvente i lett terreng (til dømes over vatn). Under søk sender flaggermusa ut orienteringsskrika i ulike retningar ved å vri på hovudet som regel gjennom nasen eller munnen.

Habitat[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste flaggermusartar trivst best i tropisk eller subtropisk klima, og berre eit fåtal artar er utbreidde temperert klima. Jo lenger nord eller sør ein kjem, jo mindre vert artsrikdommen. I Noreg finst berre nokre få artar, og i Troms og Finnmark er berre éin art registrert.

Dei fleste artane held seg bortgøymde i sprekker, grotter og små holrom på dagtid, noko som gjer at dei er vanskelege å studere. Flygehundane er derimot ofte aktive på dagtid òg.

Evolusjon[endre | endre wikiteksten]

Flaggermus har truleg utvikla seg frå dyr med liknande rørslemønster. Allereie for meir enn 50 millionar år sidan levde flaggermus som nolevande artar. Dei utvikla seg frå insektetande dyr.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Her er nokre av flaggermusartane:

1. Plecotus auritus (Geoffroy) = Plecotus auritus (Linnaeus, 1758) Engelsk: Brown Long-eared Bat

2. Plecotus auritus (Geoffroy) = Plecotus auritus (Linnaeus, 1758), hovud frå framsida. Engelsk: Brown Long-eared Bat

3. Nyctophilus australis (Peters) = Nyctophilus geoffroyi geoffroyi Leach, 1821, hovud frå framsida. Engelsk: Lesser Long-eared Bat

4. Megaderma trifolium (Geoffroy) = Megaderma spasma trifolium Geoffroy, 1810, hovud frå framsida. Engelsk: Lesser False Vampire Bat

5. Vampyrus auritus (Peters) = Chrotopterus auritus (Peters, 1856), hovud frå sida. Engelsk: Big-eared Woolly Bat

6. Lonchorhina aurita (Tomes) = Lonchorhina aurita Tomes, 1863, hovud frå framsida. Engelsk: Tomes's Sword-nosed Bat

7. Lonchorhina aurita (Tomes) = Lonchorhina aurita Tomes, 1863, hovud frå baksida. Engelsk: Tomes's Sword-nosed Bat

8. Natalus stramineus (Gray) = Natalus stramineus Gray, 1838, hovud frå framsida. Engelsk: Mexican Funnel-eared Bat

9. Mormoops blainvillei (Peters) = Mormoops blainvillii Leach, 1821, hovud frå framsida. Engelsk: Antillean Ghost-faced Bat

10. Anthops ornatus (Thomas) = Anthops ornatus Thomas, 1888, hovud frå framsida. Engelsk: Flower-faced Bat

11. Phyllostomus hastatum (Pallas) = Phyllostomus hastatus (Pallas, 1767), hovud frå framsida. Engelsk: Greater Spear-nosed Bat

12. Furipterus coerulescens (Tomes) = Furipterus horrens (F.Cuvier, 1828), hovud frå framsida. Engelsk: Thumbless Bat

13. Rhinolophus equinus (Schreber) = Rhinolophus ferrumequinum (Schreber, 1774), hovud frå framsida. Engelsk: Greater Horseshoe Bat

14. Centurio flavigularis (Peters) = Centurio senex Gray, 1842, hovud frå framsida. Engelsk: Wrinkle-faced Bat

15. Vampyrus spectrum (Geoffroy) = Vampyrum spectrum (Linnaeus, 1758), hovud frå framsida. Engelsk: Spectral Bat

Artar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Det er registrert tretten flaggermusartar i Noreg, men det er usikkert om alle framleis finst her. Slekter og artar listast nedanfor i alfabetisk rekkefølgje etter vitskaplege namn.

Flaggermuser i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Flaggermusa har i europeiske kulturar lenge vore knytte til hekseri, svart magi og mørker. I Shakespeare-stykket Macbeth bruker heksene flaggermus som ingrediensar i brygga sine.[2]

Flaggermusa er heilag på Tonga og blir ofte sett på som den fysiske manifestasjonen av sjela.[3] Flaggermus er knytte til vampyrar, som det seiast skal kunne forvandle seg til ei flaggermus, ein ulv eller til tåke. Flaggermus er også symbol for spøkelse, daude og sjukdom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Flaggermus.no: Navn
  2. de Vries, Ad (1976). Dictionary of Symbols and Imagery. Amsterdam: North-Holland Publishing Company. side 36. (Kjelde: Engelsk wikipedia)
  3. [1] Arkivert 2014-08-12 ved Wayback Machine.(Kjelde: engelsk wikipedia)