Det srilankiske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Flagget til Sri Lanka)
Det srilankiske flagget.

Det srilankiske flagget vart offisielt anteke på Sri Lanka i 1978. Det byggjer på flagget til kongen av Kandy, vart teke i bruk ved sjølvstendet i 1948, og fekk den noverande forma si 1951.

Flagget er ein gul duk. Til venstre inne ved stanga har det to breie, loddrette stolpar i grønt og safran (oransje). Høgre del av duken har eit brunraudt rektangel med ei gul heraldisk løve med drege sverd. I hjørna av rektangelet er gule blad frå buddhistane sitt heilage pipaltre.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Sri Lanka – flagg og våpen» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]