Flakavatnet

Koordinatar: 60°38′52″N 7°35′13″E / 60.64778°N 7.58694°E / 60.64778; 7.58694
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flakavatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Buskerud, Vestland
Kommunar Hol, Ulvik
Høgd over havet 1453 moh.
Areal 3,43 km²
Kystlengd1 16,47 km
Koordinatar 60°38′52″N 7°35′13″E / 60.64778°N 7.58694°E / 60.64778; 7.58694
Kart
Flakavatnet
60°38′52″N 7°35′13″E / 60.647777777778°N 7.5869444444444°E / 60.647777777778; 7.5869444444444
Wikimedia Commons: Flakavatnet
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Flakavatnet er eit vatn som ligg i Hol kommune i Buskerud og Ulvik herad i Vestland. Innsjøen ligg i eit pass som nesten skjer gjennom Hallingskarvet. Innsjøen er av dei største innsjøane i Europa som ligg i overgangen til den høgalpine sonen, der vegetasjonen er minimal eller fråverande og påverknad frå permanente snøleier og brear er påtakeleg.

Flakavatnet i vitskapleg samanheng[endre | endre wikiteksten]

Flakavatnet vart første gong sporadisk undersøkt i vitskapleg samanheng sommaren 1933, av Noreg sin første professor i limnologi, Kaare Strøm. Fordi årets høgaste temperatur i vatnet så vidt kom over 4 °C (i slutten av august månad) foreslo han at innsjøen representerte ein «semi-arktisk» innsjøtype. Denne nemninga er seinare endra til «subpolar» - Flakavatn var den gong typelokaliteten. Innsjøen var vanskeleg tilgjengeleg med tungt vitskapleg utstyr, og nettopp fordi det er kravd stor fysisk innsats, har undersøkingane av innsjøen vore avgrensa.

Vitskaplege undersøkingar av Flakavatnet har vore teke opp igjen frå 2002, og målingar og utrekningar som Strøm gjorde har vore følgd opp, til samanlikning. Ut i frå fotografi (mellom anna i Strøm 1934) er det tydeleg at breen Flakavassfonn har skrumpa kraftig, og påverknaden av smeltevatn frå denne og andre snø- og isrestar må ha minka sida dei første undersøkingane. Limnologane ved Universitetet i Oslo følgjer derfor innsjøen nøye, og er interessert i dei fysiske, kjemiske og biologiske endringane som har skjedd, og vil kunne skje, under dei føreliggande klimavilkåra.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Strøm, K. 1934. Flakevatn. A semi-Arctic Lake of Central Norway. Skrifter, Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo. I. Matematisk-Naturvid. Klasse 1934, No. 5. 28 pp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Viken og Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.