Flakstadøya
Utsjånad
(Omdirigert frå Flakstadøy)
| Flakstadøya | |
|---|---|
Ramberg på vestsida av Flakstadøya | |
| Geografi | |
| Stad | Nord-Noreg |
| Koordinatar | 68°4′53″N 13°21′47″E / 68.08139°N 13.36306°E |
| Øygruppe | Lofoten |
| Areal | 110 km² |
| Høgaste punkt | Stjerntinden (931 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | |
| Fylke | Nordland |
Flakstadøya er den tredje ytste øya i Lofoten og ligg i Flakstad kommune. Øya har eit areal på 110 km² og det høgaste punktet er Stjerntinden på 931 moh. Flakstadøya har samband til Vestvågøy gjennom den 1728 meter lange Nappstraumtunnelen og til Moskenes via Kåkern bru som vart bygd i 2003. Brua erstatta ei eldre hengebru med eitt felt som no er riven.
Administrasjonsstaden i Flakstad kommune heiter Ramberg som har fleire butikkar og to utestader: Ramberg Gjestegård og Friisgården. Ramberg har ei av dei flottaste sandstrendene i Lofoten og er tilgjengeleg frå E10 som går gjennom staden. På Flakstad finn ein Flakstad kirke, bygd i 1780.
Andre bygder i Flakstad:
- Flakstadøya
- Flakstad
- Ramberg
- Vikten
- Nusfjord
- Nusfjord
- Bottelvika
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Flakstadøy» frå Wikipedia på bokmål, den 7. april 2008.