Flaktveit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flaktveit
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Folketal 5 439  (2023)
Postnummer 5134-5135 FLAKTVEIT
Preposisjon Flaktveit
Gardnummer 206
Kart
Flaktveit
60°27′49″N 5°21′28″E / 60.46361111°N 5.35777778°E / 60.46361111; 5.35777778

Flaktveit er ein matrikkelgard i Åsane bydel i Bergen. Folketalet innanfor den gamle matrikkelgarden var 5439 i 2001. Det tettbygde området vert rekna som del av den samanhengjande tettstaden Bergen. Flaktveit ligg sentralt i Åsane. Størsteparten av innsjøen Hjortlandsstemma ligg innanfor Flaktveit.

Frå siste del av 1970-talet opplevde Flaktveit ein enorm folkeauke i samband med utbygging av bustadfelt. I 2001 budde 14,5 % av folket i Åsane innanfor grensene til matrikkelgarden Flaktveit.[1] Bustadområda er prega av lågblokker og rekkjehus, med ein del einebustader. Her ligg òg barneskulen Flaktveit skule. Den store utbygginga på kort tid førte ei tid på 1980-talet til ein del sosiale problem på Flaktveit, som gav området mykje negativ omtale. Utover 1990-åra vart utviklinga snudd i meir positiv retning. Nedgang i kriminalitet og auke i bustadprisar er teikn på den positive utviklinga.

Leiglendingane på garden kjøpte garden frå jordeigaren i 1775 og 1776. Gardsdrifta på Flaktveit vart stort sett avvikla i andre halvdel av 1970-åra, men endå etter 1980 var det sauedrift på eitt bruk. Det er no heilt slutt på jordbruket på Flaktveit.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007), s. 223-229
Fotnotar
  1. Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007), s. 224