Hopp til innhald

Flaktveit idrettsklubb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Flaktveit idrettsklubb er eit idrettslag på Flaktveit i Bergen kommune. Laget blei stifta i 1994. Klubben har til saman 1200 medlemmer. Det er eit fleirsportsleg idrettsslag og har 13 forskjellige greiner. Det er ein frivillig, medlems- og dugnadsbasert organisasjon.

FIK sitt motto: For trivsel og utvikling i nærmiljøet.

Dei held til i Flaktveithallen som ligg på Breimyra på Flaktveit. Hallen er eigd av Bergen kommune, men er også mykje sponsa av Trond Mon. Flaktveithallen blir også brukt som gymlokale til Breimyra ungdomsskule.

  • Allidrett
  • Basket
  • Dans
  • Aerobic
  • Innebandy
  • Fotball
  • Handball
  • Kampsport
  • Kajakk
  • Klatring
  • Styrke
  • Kondisjon
  • Turgruppe