Flaktveit skole
Flaktveit skole | |
Grunnlagd | 1985 |
---|---|
Fylke | Hordaland |
Kommune | Bergen kommune |
Tettstad | Åsane |
Adresse | Flaktveitsvingane 17 5134 Flaktveit |
Rektor | Daniel Ødegård |
Klasser | 19 |
Elevar | 400 |
Tilsette | 50 |
Nettstad | https://www.bergen.kommune.no/omkommunen/avdelinger/skoler/flaktveit-skole |
![]() Flaktveit skole |
Flaktveit skole er ein barneskule på Flakveit i Åsane i Bergen kommune. Skulen vart grunnlagt i 1985 og bygd i etappar fram til 1991.[1] Han har plass til om lag 400 elevar. Det er sju trinn, fyrste klasse til sjuande klasse. Dei fleste trinna har tre klassar, delt inn i A, B og C.
Den noverande rektoren heiter Einar Skintveit (2015), og det er om lag 50 tilsette i heil- og deltidsstillingar. Sjølve skulebygget tilhøyrer byrådsavdelinga for barnehage og skule.
Mennesket i samhandling og vekst[endre | endre wikiteksten]
Skulen har hovudfokus på utdanning for berekraftig utvikling og lesing. Mottoet deira er «Menneske i samhandling og vekst». Flaktveit skule vart den fyrste skulen i Bergen som byrja med avfallssortering.[1] I 2008 fekk skulen status som «grøn skule» av Foundation for Environmental Education (FEE)[1] og blei tildelt Hordaland fylkeskommunes miljøpris.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Flaktveit skole», Bergen byleksikon. Vitja 23. april 2015.
- ↑ «Om Flaktveit skole», bergen.kommune.no. Vitja 23. april 2015.