Flanell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit stykke flanell.

Flanell (av fransk flanelle) er ein lett og mjuk vevnad av ull, bomull eller kunstfiber som er lett rua på den eine eller begge sidane. Bomullsflanell har eit lodekke som i regelen blir danna av eit laustvunne garn i veften som blir rive opp.

Tynt flanellstoff vert brukt mellom anna til natt- og sengetøy. Tjukkare flanell vert mellom anna bruka i flanellografar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Flanell

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«flanell» i Store norske leksikon, snl.no. (fri lisens)