Flanellograf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Scene frå forteljinga om Noahs ark illustrert med flanellograf
Sluttscenen få forteljinga om Noah og regnbogepakta

Flanellograf (stundom kalla flanellbrett) er eit hjelpemiddel som vert brukt til å visa fram bilete til ei forteljing som vert framstilt muntleg. Det består av ein flanellduk som er festa til eit brett eller – meir uvanleg – til ei ramme.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Flanellografen har gjerne ein bakgrunnsfarge som høver til forteljinga. Svært ofte vert det nytta grøn flanell, fordi denne fargen er ein høveleg visuell bakgrunn for figurar som skal illustrera ei rekkje ulike forteljingar. Papir- eller pappfigurar av personar eller ting vert plasserte på brettet og flytta omkring etter som forteljinga går fram. Baksida av desse figurane er kledd med enten flanell eller eit anna materiale som lett kan festa seg til flanellbakgrunnen.

Tilknyting til kristen verksemd[endre | endre wikiteksten]

Flannellografar har vore og er eit populært hjelpemiddel ved framstilling av forteljingar frå Bibelen til born på sundagsskular. I vårt land har flanellografen nesten berre vore bruka til undervising av mindre born, og oftast i kristen samanheng, som nemnt i sundagsskular eller i andre mindre barnegrupper. Dette har nok sin bakgrunn i at hjelpemiddelet har vore rimeleg, enkelt i bruk, og har gjeve eit meir levande bilete til forteljingane det illustrerer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Balmer, Randall. «Flannelgraph» i Encyclopedia of Evangelicalism. Westminster John Knox Press, 1st edition, 2001. p. 221.