Flash av Queen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flash
Singel av Queen
frå albumet Flash Gordon
B-side «Football Fight»
Utgjeve 24. november 1980 (UK)
January 1981 (US)
Innspelt Oktober 1980
Sjanger Rock
Lengd 2:48 (singel)
3:29 (album)
Selskap EMI, Elektra
Låtskrivar(ar) Brian May
Produsent Brian May, Reinhold Mack
Queen-kronologi
«Need Your Loving Tonight»
(1980)
Flash «Under Pressure»
(1981)
-kronologi
«We Will Rock You»

(2000)

Flash «Another One Bites the Dust (The Miami Project Remixes)»

(2006)


«Flash» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Han var skriven av gitaristen Brian May og er kjenningsmelodien til filmen Flash Gordon frå 1980. Filmmusikkalbumet kom ut samstundes med filmen og inneheld musikk komponert og framført av Queen.

Det finst to versjonar av songen. Albumversjonen («Flash's Theme») vert nytta i starten av filmen, med all dialog frå den første scenen. Singelversjonen nyttar dialog henta frå forskjellige stader i filmen, mellom anna rollefiguren til Brian Blessed som ropar «Gordon's alive?!» Denne versjonen vart òg gjeven ut på Greatest Hits frå 1981.[1]

«Flash» vert sungen som ein duett mellom Freddie Mercury og Brian May, med Roger Taylor på lys harmonivokal. May spelar alle instrumenta sjølv utanom rytmedelen. Han spelte mellom anna på eit Imperial Bösendorfer flygel (med 97 tangentar i staden for 88, på grunn av ein ekstra oktav i det låge registeret), ein Oberheim OBX synth (som han spelar på i videoen) og sin heimelagde Red Special elektriske gitar.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Videoen for songen vart filma o Anvil Studios i London i november 1980 og regissert av Don Norman. Han syner bandet som spelar songen til ein skjerm som syner klipp frå filmen. Ein alternativ versjon vart sendt under Konsert for Kampuchea i 1981. Alternative filmklipp vart nytta i videoen som kom med iTunes-utgåva av Flash Gordon i 2011.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[2] Sølv 250 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Remiksar og andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I popkulturen[endre | endre wikiteksten]

  • Songen er nytta i filmen Blades of Glory.[6]
  • Somme Sci Fi Channel-reklamar for Flash Gordon-serien nytta rytmen frå songen over ein enkel logo. Songen vart ikkje nytta i sjølve serien.
  • Songen vart nytta i reklame for Toy Story 2 på ABC1 og Disney Channel der «Buzz» blir sagt i staden for «Flash».
  • Songen vart nytta i ein episode av Family Guy.
  • Songen vart nytta i ein reklame frå 2011 for [[Blackberry Playbook].
  • «Flash», og andre songar frå albumet, vart nytta i komedien Ted i 2012.

Konsertopptak[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Queen: Greatest Hits". Allmusic. Henta 12. mai 2012
  2. «British single salstrofé – Flash». British Phonographic Industry.  Enter Flash in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  3. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness rekordbok Limited
  4. «Public Enemy's Terminator X to the Edge of Panic Sample of Queen's Flash theme" Whosampled.com. Henta 12. mai 2012
  5. «Tenacious D: The Complete Masterworks". Allmusic. Henta 12. mai 2012
  6. «Blades of Glory (2007) - Soundtrack". IMDb. Henta 12. mai 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]