Flatåsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flatåsen skole, øvre bygg.

Flatåsen er ein bydel som ligg sørvest i Trondheim kommune og grensar til Bymarka i vest, Huseby og Kolstad i sør, Tiller i aust og Byåsen i nord. Namnet «Flatåsen» kjem frå ein lokal gard som ligg i den nordaustlege luten av Flatåsen.

Den største barne- og ungdomsskulen i Noreg, Flatåsen skole, ligg på Flatåsen.

Bydelen består hovudsakleg av bustadområde, men har òg noko service- og næringsverksemd, mellom anna fleire matbutikkar, bilverkstad, segldukmakar, bakeri, frisørsalong, brannstasjon og lækjarsenter.

Buområda på Flatåsen heiter:

  • Kulsås
  • Flatåstoppen
  • Kolsåsen
  • Høgreina
  • Øvre Flatåsen
  • Flatåsenget
  • Nedre Flatåsen
  • Buenget

Flatåsen ligg administrativt i bydelen Lerkendal.