Flatbrødsoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Flatbrødsoll er ein norsk tradisjonsrett der ein serverer fil eller tjukkmjølk med bitar av flatbrød. Ein kunne også servera usyrna mjølk med småbitar av flatbrød i. Varmsoll er ein frukostvariant ein kunne ha om vinteren der ein kokte opp mjølka før ein la oppi flatbrødbitane.[1]

Flatbrødsoll var vanleg å eta på sundagar.[2] Retten er ofte strødd med sukker.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Flatbrødsoll», Melk (på norsk), henta 1. mars 2020 
  2. «Fil - Meierileksikon hos Melk.no», Melk (på norsk bokmål), henta 26. februar 2020