Flatdalsteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Flatdalsteinen er ein runestein frå Flatdal kyrkje i Seljord kommune i Telemark. Steinen låg på kyrkjegarden, rett utanfor kordøra. Han er første gong skildra i presten Hans A. Wille sin sjølvbiografi frå 1765. Innskrifta vart avteikna av M.A. Arendt i 1804. Steinen vart overteken av Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers Bevaring, som i 1864 gav han til Universitetets Oldsaksamling. I dag er steinen magasinert ved Kulturhistorisk museum.

Innskriften er:

ok mote ræistrunarþesar uktbiþrþørsalmakankuþ at hantake uiþsalmakas er þese stein likribir

På norrønt vert det:

Ogmundr reist rùnar þessar, ok biđr þess almàtkan Guđ, at hann taki viđr sàl Gamals, er þessi steinn liggr yfir.

Og på moderne norsk:

«Ogmund rista desse runene, og ber den allmektige Gud at han vil ta imot Gamals sjel, han som denne steinen ligg over.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]