Flatefjellet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Flatefjellet er eit fjell i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Det ligg mellom Klyvtveitvatnet i nord, Transdalsvatnet i sørvest og Steinsdalen i søraust. Største høgda er 642 meter over havet. Toppen av fjellet er, som namnet ymtar om, relativt flat. Fjellsidene rundt er som regel brattare, men har òg mange slakare parti, og fjellet er lett tilgjengeleg for fotturistar.

Koordinatar: 60°57′15″N 05°18′50″EMal:Koord/input/feil2