Flatey i Breiðafjörður

Koordinatar: 65°22′34″N 22°54′43″W / 65.37611°N 22.91194°W / 65.37611; -22.91194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flatey i Breiðafjörður
øy
Land  Island
Folketal 5
Kart
Flatey i Breiðafjörður
65°22′34″N 22°54′43″W / 65.376111111111°N 22.911944444444°W / 65.376111111111; -22.911944444444
Wikimedia Commons: Flatey

Flatey (Flatøy på norsk) er den nest største øya i Breiðafjörður, nordvest på Island, som består av hovudøya og førti mindre øyar. Ein meiner at øya vart danna av isbrear under den siste istida. Flatey er to kilometer lang og ein kilometer brei. Øya er nesten heilt flat (derfor namnet).

Øya har busetnad til visse tider av året og dei fleste husa vert nytta om sommaren. Om vinteren bur det totalt fem folk på øya. Trass i dette var Flatey eit av dei største kultursentera på Island med eit kloster grunnlagd i 1172. Det gamle klosteret finst ikkje lenger, men eit nyare kloster vart bygd like ved.

Flatey fekk status som by i 1777.[1] På midten av 1800-talet var Flatey eit handelssenter for Breiðafjörður, med hansaen representer gjennom eit handelshus.

Flatey har òg ei kyrkje frå 1926. Interiøret i kyrkja er måla med scener frå livet på øya av den katalanske målaren Baltasar Samper i 1960-åra mot at han fekk bu gratis på øya når han vitja ho. I dag har kyrkja status som det eldste og minste biblioteket på Island, oppretta i 1864. Biblioteket inneheldt ein gong Flatøybok eller Flateyjarbók, den største og beste boka på Island på midten av 1600-talet. Etter å ha vegra seg skal eigaren av boka (som budde på Flatey) ha gått med på å gje boka til kong Fredrik III i 1662. Først i 1971 vart boka gjeven tilbake til Island.

Øya har ein enkel veg som går frå ferjekaien til den såkalla «gamlebygda», som består av restaurerte hus og ei hamn der sauene vart frakta til slaktaren på fastlandet frå. Bortsett frå sau består dyrelivet på Flatey hovudsakleg av fuglar, særleg lundefugl. Ein kan finne halvparten av dei 37 fuglartane på Island på øyane i Breiðafjörður.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The island». Hotel Flatey. Arkivert frå originalen 26. februar 2019. Henta 31. januar 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Flatey i Breiðafjörður

65°22′34″N 22°54′43″W / 65.37611°N 22.91194°W / 65.37611; -22.91194