Flatey i Skjálfandi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flatey

Flatey ('Flatøy' på norsk) er ei øy i bukta Skjálfandi nord på Island. Ho ligg om lag 8,7 km frå Húsavík. Det høgaste punktet på øya er berre 20 meter over havet, og derfor har øya fått namnet sitt. Ho er 2,5 km lang og 1,7 km brei og er med det den femte største øya rundt Island.

Folk har vore busett på Flatey i alle tider, men har aldri hatt ein stor folkesetnad. Flest innbyggjarar hadde øya i 1942, då 120 menneske budde der. Då andre tettstadar og byar voks klarte ikkje Flatey å konkurrere med dei og folk byrja å flytte frå øya. I 1967 var det ingen innbyggjarar att. I dag kjem islendingane stort sett her om sommaren og mange turistar vitjar øya.

Skjálfandi er ein god fiskeplass, særleg etter torsk og rognkjeks. Jordsmonnet er godt så innbyggjarane dreiv med både fiske og jordbruk. Alle hus hadde ei mjølkeku, nokre sauer og høner.

Det er berre få bygningar på øya. Den viktigaste av dei er skulehuset som vart bygt i 1929, ei gamal kyrkje som vart stengd i 1884, eit fyr frå 1913, som vart gjenoppbygt i 1963 og ein radiotelegraf frå 1931. Den gamle kyrkja vart erstatta av ei ny i 1960. Den nye kyrkja vart flytta frå Brettingsstaðir i Flateyjardalur og bygd opp att her.

Det rike fuglelivet er noko som trekkjer til seg mange turistar. Av dei 37 fugleartane på Island kan ein finne 30 av dei her i hekkesesongen, mellom anna lundefugl, terne, småspove og heilo.

Dalen Flateyjardalur er kalla opp etter Flatey.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 66°09′54″N 17°51′35″W