Flatøybok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Flateyjarbok)
Byrjinga av soga om Olav den heilage i Flatøybok.

Flatøybok eller Flateybok (islandsk Flateyjarbók) er eit av dei viktigaste islandske manuskripta frå mellomalderen. Innhaldet av boka har stor tyding for norsk historie. Boka har namnet sitt frå staden ho vart teken vare på i to periodar, øya Flatey i Breiðafjörður på Island. Ho er òg kjend som GkS 1005 fol. og Codex Flatöiensis.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kong Harald Hårfagre mottek Noreg frå handa til far sin, Halvdan Svarte, i ein illustrasjon frå Flatøyboka.

Flatøyboka er det største av dei islandske manuskripta frå mellomalderen. Det vert òg rekna som særleg vent i utsjånad; det består av 225 fine pergamentsblad og er nennsomt skrive og illustrert. Innhaldet består hovudsakleg av soger om dei norske kongane som òg finst i Heimskringla av Snorre Sturlason. Dette gjeld spesielt sogene om Olav Tryggvason, Olav den heilage, Magnus den gode og Harald Hardråde. I tillegg inneheld verket kongesoger som ikkje finst i Heimskringla, som sogene om Sverre Sigurdsson og Håkon Håkonsson.

Sogene skil seg frå andre utgåver ved at dei er utvida med tilleggsmaterial som ikkje er funne andre stadar, noko av det svært gammalt, og med unike skilnader. Det meste av tilleggsmaterialen er i kongesogene – vove inn i den øvrige teksten. I tillegg har Flatøyboka den einaste kopien av Eddadiktet Hyndluljod (Hyndluljoð), eit unikt sett av annalar frå skapinga og fram til 1394, og mange andre korte forteljingar som ikkje er skrivne ned andre stadar, slik som Tåtten om Norne-Gjest (Nornagests þáttr).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ei side frå Grønlendingesoga frå Flatøybok.

Boka skal ha blitt skriven for Olav IV Håkonsson, den norske kongen som døydde berre 17 år gammal.[1] Frå pergamentprøver og tekstbevis vart boka skriven i 1387 og fullført i 1394 eller kort tid seinare. Den første sida slår fast at forfattaren er Jon Håkonsson (Jonn Hakonar son), og at boka vart skriven ned av to prestar. Ein av dei, prest Jon Tordsson (Jon prestr Þórðar son), skreiv ned Soga om Eirik den vidfarne på slutten av dei to olavssogene. Den andre, prest Magnus Torhallsson (Magnús prestr Thorhallz sun), skreiv ned det tidlegare og det seinare materialet og teikna illustrasjonane.

Tilleggsmaterialet vart lagt inn på slutten av 1400-talet.

Manuskriptet fekk fyrste gong spesiell merksemd av lærde etter 1651. Då fekk biskop Brynjólfur Sveinsson av Skálholt løyve frå kong Fredrik III av Danmark-Noreg til å krevja at alle folk på Island som åtte gamle manuskript skulle utlevera dei til den danske krona. Dei kunne overlevera originalen eller ein kopi, anten som ei gåve eller for ein symbolsk pris. Den som då åtte det som allereie var blitt kjend som Flatøyboka var Jon Torfason, son av presten Torfi Finsson som budde på Flatey nordvest på Island. Boka hadde namn etter øya. Jon nekta å utlevera det verdifulle arvestykket sitt, den største og venaste boka på heile Island, og Jon heldt fram å nekta sjølv då biskop Brynjólfur vitja han og tilbaud fem hundre land. Til slutt måtte Jon gje etter for presset og overlét boka til biskopen då han var i ferd med å forlata øya, og for dette vart Jon friteken for all framtidig kyrkjeskatt.

Manuskriptet vart overlate til Tormod Torfæus i 1662 som ei gåve frå biskop Brynjólfur til kong Fredrik III og plassert på Det kongelege museum i København. Dei øvrige av samlingane til biskopen vart spreidde mellom slektningar som ikkje hadde noka interesse av dei, og dei verdfulle manuskripta forsvann for alltid, men nokre av dei overlevde i avskrift.

I 1971 vart Flatøyboka og Codex Regius etter lange forhandlingar igjen tekne tilbake til Island som ein islandsk nasjonalskatt. Dei vert no tekne vare på og studerte ved Árni Magnússon institutt i Reykjavík.

I 1930 vart Flatøyboka utgjeven i faksimileutgåve av Finnur Jónsson (1858-1934) og seinare i utgåve av Sigurður Nordal (1944–1945).

Hausten 2014 innleidde det Stavanger-baserte forlaget Saga Bok Forlag ei ny utgåve av Flatøybok i moderne norsk omsetjing. Band II kom ut hausten 2015 og band III kom ut hausten 2016. Alle seks binda er no publiserte av Sagabok [2].

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Flatøyboka inneheld følgjande tekstar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Flatøybok - en kongegave til folket. Dagsavisen. 8. april 2017. 
  2. Flatøybok, bind I-VI, Sagabok.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Flatøybok
  • Flatøybok Den siste store sagaskatten, Flatøyarbok.
  • The Flatey Book and recently discovered Vatican manuscripts concerning America as early as the tenth century. Red. og oms. av Anderson, Rasmus B. (1906). London: The Norroena Society. (Faksimilar av den islandske teksten, islandske omsetjing, dansk omsetjing, engelsk omsetjing av stoffet om Vinland og relatert stoff)