Hopp til innhald

Fleetwood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fleetwood
by
Fleetwood — The Marine Hall og Gardens frå the Mount.
Land  England
Region Lancashire
Distrikt Wyre
Folketal 26 226 (2021)[1]
Postnummer FY7
Retningsnummer 0 1253
Kart
Fleetwood
53°55′30″N 3°00′54″W / 53.925°N 3.015°W / 53.925; -3.015
Wikimedia Commons: Fleetwood

Fleetwood er ein by i Lancashire i England. Han ligg på den nordlege spissen av Fylde-halvøya. Byen inngår i distriktet Wyre, men vert òg rekna som ein del av Stor-Blackpool.

Byen vart grunnlagd i 1836 av Peter Hesketh Fleetwood, og vart for det meste teikna ut av Decimus Burton. Han voks raskt som hamneby, og vart seinare òg kjend som ein feriestad. I 1960-åra vart fiskeriet i Fleetwood i stor grad øydelagt av torskekrigen mellom Storbritannia og Island. Dei fleste av trålarane i byen fiska torsk i Nord-Atlanteren, og tapet av fiskeområda råka hardt. Den siste trålaren forlet byen i 1982, og det er no berre mindre båtar som fisker innaskjers. Det hender at trålarar frå andre stader leverer til fiskemarknaden i byen; fiskeforedling er framleis ein stor industri i Fleetwood.

For mange er byen mest kjend som opphavsstaden til halspastillen Fisherman's Friend som framleis vert produsert der.

Blant attraksjonane i byen finn ein piren, to fyrtårn og The Mount, ein paviljong med klokke. Det finst òg eit bymuseum.

Det er ferjesamband over elva Wyre til Knott End-on-Sea og til Larne i Nord-Irland. På sommaren er det òg ferjesamband til DouglasMan.

Fotballklubben Fleetwood Town FC spelar heimekampane sine på stadionet Highbury.

  1. «Parish Profiles». Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Fleetwood