Fleetwood Mac (1975)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fleetwood Mac
Studioalbum av Fleetwood Mac
Utgjeve 11. juli 1975
Innspelt Januar-februar 1975 i Sound City Studios i Van Nuys i California
Sjanger Rock
Lengd 42:12
Selskap Reprise
Produsent Fleetwood Mac og Keith Olsen
Fleetwood Mac-kronologi
Heroes Are Hard to Find
(1974)
Fleetwood Mac Rumours
(1977)
Singlar frå Fleetwood Mac
  1. «Warm Ways»
    Utgjeve: Oktober 1975 (UK)
  2. «Over My Head»
    Utgjeve: November 1975 (USA) / Februar 1976 (UK)
  3. «Rhiannon»
    Utgjeve: Februar 1976 (USA) / April 1976 (UK)
  4. «Say You Love Me»
    Utgjeve: Juni 1976 (USA) / September 1976 (UK)
  5. «Rhiannon (nyutgjeving)»
    Utgjeve: Februar 1978 (UK)
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]
Robert ChristgauA-[2]

Fleetwood Mac er det tiande albumet til det britisk-amerikanske bandet Fleetwood Mac, gjeve ut i 1975. Det er det andre albumet som er kalla opp etter sjølve bandet, det første var frå 1968. Blant Fleetwood Mac-fansen vert albumet ofte kalla White Album.[3] Dette er det første Fleetwood Mac-albumet med Lindsey Buckingham som gitarist og Stevie Nicks som vokalist, etter at Bob Welch slutta i bandet seint i 1974. Det var òg det siste albumet som vart gjeven ut på Reprise fram til 1997 og The Dance (dei neste albuma vart gjevne ut på Warner Bros. Records, som eig Reprise).

Albumet nådde toppen av Billboard 200 over eit år etter det gjekk inn på lista, og låg i alt 37 veker inne på topp 10, og meir enn 15 månader inne på topp 40. Det gav tre singlar som nådde topp 20: «Over My Head», «Rhiannon» og «Say You Love Me», dei to siste nådde begge 11. plassen. I 1976 hadde albumet seld til 5x platina i USA for fem millionar selde eksemplar.

«Warm Ways» var den første singelen frå albumet i 1975 i Storbritannia.[4] Han vart ikkje gjeven ut som singel i USA, der «Over My Head» vart gjeven ut i staden. I starten fekk albumet lita interesse i Storbritannia, sidan ingen av dei tre første singlane klarte å nå salslistene. «Say You Love Me» gjekk inn på UK Singles Chart og nådde 40. plass.[5] Etter den massive suksessen med Rumours to år seinare, vart interessa for bandet fornya, og Fleetwood Mac vart gjeve ut på ny i 1978, i lag med singelen «Rhiannon» som då nådde 46. plassen.[4] Albumet nådde til slutt 23. plassen[5]UK Album Chart, men var ein opptakt til ei rekkje særs suksessrike album for bandet i Storbritannia, inkludert Rumours, som der selde til 4x platina, Tusk, Tango in the Night og Behind the Mask.[4]

«Landslide» vart sidan gjeven ut som singel i USA i 1998, etter han vart det mest populære sporet på konsertalbumet The Dance. Han nådde då 51. plassen på Billboard Hot 100.[4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 1974 flytta Fleetwood Mac frå England til California for å få meir kontroll over bandet.[6] I California spelte dei inn albumet Heroes Are Hard to Find og la ut på ein turné. Kort tid før turneen var over, annonserte Bob Welch (gitarist, songar og låtskrivar) at han slutta i det som hadde blitt den niande besetninga til Fleetwood Mac på åtte år,[7] slik at han kunne starte power-trioen Paris.[6] Mick Fleetwood var no på utkikk etter ein ny gitarist og eit platestudio, og møtte produsenten Keith Olsen i Sound City Studios for å høyre på nokre demoar.[6][7] Der spelte Olsen eit album for Fleetwood som han nyleg hadde vore lydteknikar på, called Buckingham Nicks.[6] Fleetwood likte særleg gitarsoloen på songen «Frozen Love»,[7] og valte å hyre både Olsen og gitaristen Lindsey Buckingham.[6] Men Buckingham ville ikkje ta i mot tilbodet til Fleetwood med mindre han også tok med den musikalske og romantiske partnaren hans, Stephanie «Stevie» Nicks.[7] Etter eit uformelt intervju på ein mexicansk restaurant, inviterte Mick Fleetwood både Buckingham og Nicks med i bandet.[7] I løpet av tre månader hadde dei spelt inn albumet Fleetwood Mac.[7] Sjølv om den tiande besetninga til bandet vart den mest suksessrike, vart det langt frå den mest stabile, sidan Lindsey Buckingham og Stevie Nicks var på randa av å gå frå kvarandre då dei kom inn i bandet.[7] Denne spaninga vart etter kvart avgjerande som inspirasjonskjelde for det neste albumet deira, Rumours.[6]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Fleetwood Mac kom ut i juli 1975.[7] Sjølv om bandet berre fekk moderat suksess kort tid etter utgjevinga, valte dei å marknadsføre det nye albumet.[7] Etter å ha turnert utan stans i fleire månader, byrja bandet å sjå resultat av det harde arbeidet.[7] I eit intervju med Uncut sa Stevie Nicks om albumet: «Me spelte berre overalt og selde albumet. Me sparka albumet i ræva.»[7] Femten månader etter albumet kom ut klatra det heilt til topps på albumlista i USA.[7]

Alle singlane frå Fleetwood Mac er nymiksar, ofte ganske forskjellige frå albumversjonane, og begge er med på nyutgjevinga av albumet i 2004. Det vart òg laga ein singel-miks for «Blue Letter» og denne versjonen var opphavleg berre gjeven ut som B-side til «Warm Ways» i 1975.[4]

Albumet var med på å lansere bandet som musikalske superstjerner som alltid var å høyre på radio (noko som vart forsterka av det enno meir populære oppfølgjaralbumet Rumours). I 2003 vart albumet rangert på 182. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[8]

På plateomslaget er det berre bilete av Mick Fleetwood og bassisten John McVie.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Monday Morning»  Lindsey Buckingham 2:48
2. «Warm Ways»  Christine McVie 3:54
3. «Blue Letter»  Michael Curtis, Richard Curtis 2:41
4. «Rhiannon»  Stevie Nicks 4:11
5. «Over My Head»  C. McVie 3:38
6. «Crystal»  Nicks 5:14
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
7. «Say You Love Me»  C. McVie 4:11
8. «Landslide»  Nicks 3:19
9. «World Turning»  Buckingham, C. McVie 4:25
10. «Sugar Daddy»  C. McVie 4:10
11. «I'm So Afraid»  Buckingham 4:22

2004-utgåva Den 24. mars 2004 gav Warner Bros. Records ut ei remastra utgåve av albumet med følgjande bonusspor:

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
12. «Jam #2» (ikkje tidlegare utgjeven)Buckingham, Mick Fleetwood, C. McVie, John McVie 5:41
13. «Say You Love Me» (singelversjon)C. McVie 4:01
14. «Rhiannon (Will You Ever Win)» (singelversjon)Nicks 3:46
15. «Over My Head» (singelversjon)C. McVie 3:09
16. «Blue Letter» (ikkje tidlegare utgjeven)Curtis, Curtis 2:42

Anna informasjon[endre | endre wikiteksten]

  • Sjølv om songen «Crystal» var skriven av Stevie Nicks, vart han sungen av Lindsey Buckingham. Han var opphavleg med på albumet deira Buckingham Nicks i 1973. Nicks spelte seinare òg inn songen som soloartist (med korvokal av Sheryl Crow) for musikken til filmen Practical Magic i 1998.
  • Både «Rhiannon» og «Monday Morning» vart skrivne før Buckingham Nicks kom med i bandet, og framført på konsertar av duoen, men ikkje spelt inn i studio. Den tidlegare versjonen av Rhiannon vart spelt mykje kjappare.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Fleetwood Mac

Andre medverkande

Produksjon

  • Produsentar: Fleetwood Mac & Keith Olsen
  • Lydteknikar: Keith Olsen, Andre lydteknikar: David Devore
  • Fotograf: Herbert W. Worthington II

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Australian Kent Music Report[9] 3
Canadian RPM Album Chart[10] 2
New Zealand[11] 4
UK Album Chart[12] 23
US Billboard 200[13] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976) Plassering
Australian Album Chart[9] 14
Canadian Album Chart[14] 16
U.S. Billboard 200[15] 2
Liste (1977) Position
Australian Album Chart[9] 12
U.S. Billboard 200[16] 10

|}

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. «Fleetwood Mac Fleetwood Mac review». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 11 desember 2011. 
  2. Christgau, Robert. «Consumer Guide Reviews: Fleetwood Mac». Robert Christgau. Henta 11 desember 2011. 
  3. Gleason, Holly. «The 20 Best Fleetwood Mac Songs of All Time". Paste. Henta 19. juli 2015.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 The Great Rock Diskografi. Martin C.Strong. ISBN 1-84195-312-1
  5. 5,0 5,1 British Hit Singles and Album vol.19. Page 205. ISBN 978-1-904994-10-7
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 Serpick, Evan. «Fleetwood Mac Biography". Rolling Stone. Henta 19. juli 2015.
  7. 7,00 7,01 7,02 7,03 7,04 7,05 7,06 7,07 7,08 7,09 7,10 7,11 Williamson, Nigel. «Fleetwood Mac: 'Everybody was pretty weirded out' - the story of Rumours". Uncut. Henta 19. juli 2015.
  8. «#182 Fleetwood Mac». Rolling Stone. 1 November 2003. Henta 19. juli 2015. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  10. «Top Album/CDs - Volume 25, No. 25» (PHP). RPM. 18 September 1976. Henta 17. juli 2015. 
  11. «charts.org.nz Fleetwood Mac – Fleetwood Mac» (ASP). Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Henta 17. juli 2015. 
  12. «Fleetwood Mac > Artists > Official Charts». UK Album Chart. Henta 17. juli 2015. 
  13. «Allmusic: Fleetwood Mac : Charts & Awards: Billboard Album». allmusic.com. Henta 17. juli 2015. 
  14. «RPM Top 100 Album of 1976». RPM. 8 January 1977. Henta 2 May 2012. 
  15. «Billboard.BIZ: Top Pop Album of 1976». billboard.biz. Arkivert frå originalen 15 January 2013. Henta 17. juli 2015. 
  16. «Billboard.BIZ: Top Pop Album of 1977». billboard.biz. Arkivert frå originalen 15 January 2013. Henta 17. juli 2015.