Fleirlaga sylinderepitel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fleirlaga sylinderepitel er ein sjeldsynt type epitel samansett av sylindriske celler innretta i fleire lag. Vevet finst i delar av svelget, tåreapparatet, anus, livmora hjå kvinner, urinrøyret og sædleiarane hjå menn, og i den bulbare delen av konjunktiva. Cellene i vevet deltek i sekresjon og absorpsjon. Teknisk sett er det dei øvre og nedre cellelaga som er sylindriske; det midtre laget inneheld kubiske epitelceller.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]