Flekkivi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flekkivi

Status i verda: VU Sårbar

FlekkiviIllustrasjon av John Gerrard Keulemans, public domain
Flekkivi
Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, public domain

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Struthioniformes
Familie: Apterygidae
Slekt: Apteryx
Art: A. haastii
Vitskapleg namn
Apteryx haastii
Potts, 1872
Utbreiing flekkivi

Flekkivi, Apteryx haastii, er ein kiviart som er endemisk til Sørøya på New Zealand. Flekkivi er den største av kiviartane, kivifamilien er medlem av den biologiske ordenen strutsefuglar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Flekkivi er den største av alle kiviar, hannen er 45 cm høg, hoa 50 cm. Nebblengda varierer i området 9-13,5 cm,[1] medan vekta varierer mellom 1,7 og 3,0 kg for hannar og 2,8 og 4,3 kg for hoer.[1] Kroppen er pæreforma, hovudet er lite med eit langt, kraftig elfenbeinfarga nebb. Flekkivi, saman med dei andre kiviartane, er dei einaste fuglane med nasebor mot enden av nebbet. Auga er små og synet er ikkje særleg godt, som gjer dei avhengige av luktesansen.[2] Beina er korte, med tre tær. Fjørdrakta åt flekkivi er lys brungrå med kastanjebrune flekker eller horisontale striper, fjørene manglar bistrålehakar, og er derfor mjuke, hårliknande. Dei kan bruke dei kraftige beina sine og klørne til vern mot rovdyr som røyskatt eller ilder. Denne arten har òg ein låg kroppstemperatur samanlikna med andre fuglar og dei er ganske raske til beins.[2]

Leveområdet for denne arten i stor høgd, i røff topografi og subalpint, høglandsklima, verkar ugjestmildt for ei rekkje predatorar av introduserte rovdyr, som inkluderer hundar, ilderar, griser og røyskattar.[1] På grunn av dette, har populasjonen av denne arten vorte mindre alvorleg påverka av predasjon frå desse pattedyra samanlikna med andre kiviartar. Likevel har det vore ein 43 % nedgang i bestanden dei siste 45 åra, på grunn av predasjon av desse innførte artane og habitatøydelegging. Dette har ført at arten er klassifisert som sårbar.[3] Det er ca. 16 000 (2008) flekkiviar totalt, nesten alle lever i dei meir fjellrike delane av nordvestre Nelson, nordvestkysten, og Søralpane. Berre eit mindretal lever på øyar.

Denne kiviarten er svært aggressiv, og para vil forsvare store territorium mot andre kiviar.[4] Flekkivi er nattaktive, og søv på dagtid i hòler. Om natta, et dei virvellause dyr og kan òg ete planter. Flekkiviar hekkar mellom juni og mars. Kullet er på eitt egg på 435 gram,[1] egget er eit av dei største i tilhøve til storleiken på fuglen.[5] Ruginga tar frå 75 til 85 dagar, og etter klekking, forlèt ungane foreldra sine.

Rundt 12 millionar[2] flekkiviar levde tidlegare over heile Sørøya, men på grunn av predasjon av innførte artar, er dei attverande flekkiviane no avgrensa til tre lokalitetar nord på Sørøya.[1] Dei kan leve i høgd frå havnivå til 1500 moh., men dei fleste er konsentrert i området frå 700-1100 moh. i ein subalpin sone. Habitata er typisk tua grassletter, krattskog, beitemark og skog.[3]

Fordi vaksne flekkiviar er store og kraftige, er dei i stand til å verne seg mot dei fleste rovdyra som angrip, slik som røyskattar, ilderar, griser, pungrevar og kattar, som alle er framande artar i New Zealand. Men hundar er i stand til å drepe sjølv vaksne flekkiviar.[1] Andre predatorar vil ete egg og ungar, noko som medfører at dei fleste ungane døyr i løpet av dei første fem månadene av livet. Ca. 5 % av ungane lever opp til vaksne individ.[2]

Populasjonen var estimert til 16 000 i 2008, og minkar truleg med 2,5 % per år.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Heather og Robertson (2005)
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Myers, P., R. Espinosa, C. S. Parr, T. Jones, G. S. Hammond, and T. A. Dewey. 2006. The Animal Diversity Web (online) Lest 7. juli 2012 frå http://animaldiversity.org. Sponsored in part by the Interagency Education Research Initiative, the Homeland Foundation and the University of Michigan Museum of Zoology
  3. 3,0 3,1 3,2 BirdLife International 2012
  4. Davies, S.J.J.F. (2003). «Kiwis». I Hutchins, Michael. Grzimek's Animal Life Encyclopedia. 8 Birds I Tinamous and Ratites to Hoatzins (2 ed.). Farmington Hills, MI: Gale Group. pp. 89–90, 93–94. ISBN 0-7876-5784-0. 
  5. Liana Reiland, student ved University of Wisconsin (2008) How do Great Spotted Kiwis reproduce? Lest 7. juli 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]