Flekkskivehette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flekkskivehette
Flekkskivehette Foto: Arne Aronsen/Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Flekkskivehette
Foto: Arne Aronsen/Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Underrekkje: Hymeniesoppar Agaricomycotina
Klasse: Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes
Underklasse: Agaricomycetidae
Orden: Skivesoppordenen Agaricales
Familie: Mycenaceae
Slekt: Hettesoppar Mycena
Art: Flekkskivehette M. maculata
Vitskapleg namn
Mycena maculata

Flekkskivehette (Mycena maculata) er ein mellomstor til stor hettesopp som veks i knippe på rotnande stubbar av lauv og bartre. Han har ein høvesvis mørk hatt som med alderen får raudbrune flekkar, og som til sist kan verta heilt raudbrun. Skivene og stilken får òg denne fargen.

Flekkskivehette dukkar opp om hausten. Han kan likna på rynkehette og sylvhette.

I Noreg er flekkskivehette funnen over store delar av landet, men er ikkje so vanleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]