Flekkstrupejuvel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flekkstrupejuvel
Flekkstrupejuvelhann
Flekkstrupejuvelhann
Flekkstrupejuvelhoe
Flekkstrupejuvelhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av flekkstrupejuvel
Utbreiinga av flekkstrupejuvel
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Stamme: Lampornithini
Slekt: Lampornis
Art: Flekkstrupejuvel L. viridipallens
Vitskapleg namn
Lampornis viridipallens

Flekkstrupejuvel (Lampornis viridipallens) er ein fugl i kolibrifamilien med leveområde i Sentral-Amerika.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein mellomstor kolibri, ca. 11 til 12 centimeter med rettpeikande svart nebb. Fjørdrakta til vaksne fuglar har ei klår grøn overside med lysare grå til kvit underside, vengene og stjerten er mørke. Som andre Lampornis-kolibriar i Mellom-Amerika, har begge kjønn ei karakteristisk kvit stripe frå auga ned mot skuldra i kontrast til eit mørkt felt på undersida av stripa. Hofuglar har kvit strupe, hannfuglar har blågrøne iriserande flekker i strupeområdet og har elles grøne flekker nedover kroppssidene.[1]

Utbreiingskart

Flekkstrupejuvelar lever i høgder mellom 900 og 2700 moh. i fuktig skog i relativt avgrensa habitat; i vestlege Honduras og nordlege El Salvador, i sørvestlege Guatemala og litt inn i sørlege Mexico.

Populasjonen er estimert til å ligge mellom 50 000 og 500 000 individ, og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som livskraftig.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Züchner et al, 2016
  2. BirdLife International (2016)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Flekkstrupejuvel