Flemingsbergsviken

Koordinatar: 59°12′49″N 17°59′54″E / 59.21361°N 17.99833°E / 59.21361; 17.99833
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsikt over bukta frå Stensättraborgen.
Utsikt frå Balingsnäs.
Flemingsbergsvikens kunstige våtmark.

Flemingsbergsviken er ei bukt i innsjøen Orlången i Huddinge kommun i Stockholms län og landskapet Södermanland i Sverige. Ved sørsida av bukta ligg Stensättraborgen og Stensättra gard. I den indre delen av bukta anla kommunen i 1994-95 eit våtmarksområde for reinsing av overflatevatn. Flemingsbergsviken inngår i Orlångens naturreservat.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Flemingsbergsviken er ein typisk sprekkedalsinnsjø, og utgjer den vestlegaste delen av Orlången. Bukta strekkjer seg ca. seks kilometer i nordvestleg retning innover i terrenget, og er mellom 300 og 500 meter brei. Ved den austlege delen av bukta passerer länsväg 259 (Lännavägen), med ei bru over bukta, og ved den vestlege delen av bukta ligg det eit nyanlagt våtmarksområde. Fleire stader går det gangbruer over våtmarksområdet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området rundt Flemingsbergsviken vart truleg kolonisert alt under vikingtida, noko ein trur med bakgrunn i arkeologiske funn.[1] Her ligg òg den største fortidsborga i Huddinge, Stensättraborgen. Borga ligg ca. 900 meter nordvest for Stensättra gard, på eit jamt bergplatå med utsikt over Flemingsbergsviken og innsjøen Orlången.

Våtmarksområdet[endre | endre wikiteksten]

I den inste delen av bukta har Huddinge kommune anlagt eit våtmarksområde som skal reinse dei næringsrike elvane som renn gjennom jordbruksområda innanfor nedslagsfeltet, og dessutan overflatevatn frå vegar og torg frå Flemingsberg- og Glömstaområdene, før desse når Orlången. Våtmarksområdet har eit areal på 150 gonger 600 meter, og omfattar blant anna oljeutskilling, sedimentering og høve for kjemisk felling. Anlegget har enno ikkje full effekt, men etter dei første åra etter anlegginga er det mælt ein nedgang av fosfor på 36 prosent, og ein nedgang av nitrogen på sju prosent. Ei teljing av fuglearter viste at 39 arter heldt til her i 1997.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

59°12′49″N 17°59′54″E / 59.21361°N 17.99833°E / 59.21361; 17.99833