Flensburger Schiffbau-Gesellschaft

Koordinatar: 54°48′29.89″N 09°26′01.83″E / 54.8083028°N 9.4338417°E / 54.8083028; 9.4338417
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Flensburger Schiffbau Ges.)
Skipsbyggingshallen i Flensburg.

Flensburger Schiffbau-Gesellschaft (dansk Flensborg Skibsværft) er eit av dei største verfta i Tyskland og vart oppretta som aksjeselskap i 1872, nære den dansk-tyske grensa i nordlege Flensburg. Det første skipet som vart sjøsett, var stålskipet «Doris Brodersen» i 1875. Verftet har bygt meir enn 700 skip sidan den gongen. Skipsverftet er den dominerande industriaktiviteten i byen. Kring år 1900 hadde verftet lenge meir enn 2000 tilsette, som medførte ei stor innflytting sørifrå.

Flensburger Schiffbau-Gesellschaft er i dag spesialisert på å bygga moderne Ro-ro-fartøy i ei av dei største overbygde skipsbyggingshallane i verda. Hallen stod ferdig 1982 og er 275 meter lang. Verftet har i dag kring 750 tilsette.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Flensburger Schiffbau-Gesellschaft

54°48′29.89″N 09°26′01.83″E / 54.8083028°N 9.4338417°E / 54.8083028; 9.4338417