Flesafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 64°5′7.4616″N 9°54′15.030″E Flesafjorden er ein fjord i Åfjord kommune i Trøndelag mellom Hosnaøyan i vest og Stokkøya og Harbakkhalvøya i aust. Fjorden har ei lengd på 8 km frå sørvest til nordaust. Fjorden er kalla opp etter Flesa, ei av øyane i Hosnaøyan.

I sør startar fjorden om lag ved Skarvskjæra på nordsida av Linesøya. Mellom Linesøya og Stokkøya går sundet Lina søraustover til Linesfjorden. I nord endar fjorden mellom øya Gjæsinga i vest og Pålodden i aust. Nordaust for Flesafjorden går Skjørafjorden austover.