Fleskesuppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fleskesuppe med selleri.

Fleskesuppe er ein suppetype med flesk som ein viktig ingrediens. Slike supper er vanlege frå mange delar av verda.

I norsk mattradisjon er fleskesuppe ofte laga med salta flesk og byggryn og kan vera smaksett med ingefær. Flesk i små terningar blir kokt med grønsaker som gulrot, potet, kålrot, kål, purre eller selleri. Ein variant av denne fleskesuppa med mjølk kan også innehalda morrpølse. Denne typen er kjend som «mjølk- og fleskesupan» i Hordaland, «grågryn» i Trøndelag og «tolgasuppe» i Hedmark. Denne suppa servert med spekeskinkebitar og mjølboller var festmat i Buskerud i gammal tid.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.