Fließ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fließ

Fließ er ein kommune i distriktet Landeck i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 47,6 km² og har i kring 3 000 ibuarar. Kommunen består av landsbyen Fließ, som ligg på et lite platå 200 meter over Inntal, og åtte mindre landsbyar/grender fordelt utover i dalsidene på begge sider av elva Inn.

Fließ og grannekommunen Zams deler eit lite skiområde. Ein del av kommunen er omfatta av naturparken Kaunergrat.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Ei av ferdselsårane til romarane over Alpane, Via Claudia Augusta, gjekk forbi Fließ, og talrike funn viser at staden spelte ei viktig rolle i romartida. Grunnmurane til kyrkja i Fließ er frå 500-talet og er det eldste provet på kyrkjebygging i Landeck-distriktet. Kyrkja i Fließ står på ein liten bakketopp, 1093 meter over havet.

Ein storbrann i 1933 la mykje av landsbyen i oske.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]