Flip, Flop and Fly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flip, Flop and Fly
Singel av Big Joe Turner
B-side «Ti-Ri-Lee»
Utgjeve Februar 1955
Innspelt New York
28. januar 1955
Sjanger Jump blues
Lengd 2:49
Selskap Atlantic (Cat. no. 1053)
Låtskrivar(ar) Charles E. Calhoun aka Jesse Stone, Lou Willie Turner
Big Joe Turner-kronologi
«Well All Right»
(1954)
Flip, Flop and Fly «Hide and Seek»
(1955)


«Flip, Flop and Fly» er ein jump blues-song spelt inn av Big Joe Turner i 1955.[1] Songen er blitt kalla ein «prototype på ein rockelåt»[2] og vart ein hit som nådde andreplassen på Billboard-magasinet si R&B-liste.[3] «Flip, Flop and Fly» er blitt spelt inn av mange andre artistar, til dømes tidlege rock and roll-artistar som Elvis Presley.

Originalsongen[endre | endre wikiteksten]

«Flip, Flop and Fly» har eit arrangement som liknar på den store hitten til Big Joe Turner frå, «Shake, Rattle and Roll»[4] og det er blitt føreslått at «vers som var til overs frå 'Shake, Rattle and Roll' vart brukt om att i 'Flip, Flop and Fly.'»[5] Begge er livlege 12-taktsbluessongar med eit kraftig etterslag. Turner song og hadde med seg Jesse Stone på piano, Al Sears på tenorsaksofon, Connie Kay på trommer, og uidentifiserte folk på trompet, altsaksofon, barytonsaksofon, gitar og bass. Turner spelte seinare inn fleire konsertopptak av songen.

Elvis Presley-versjonar[endre | endre wikiteksten]

Elvis Presley framførte «Flip, Flop and Fly» på den første fjernsynsframferda si den 28. januar 1956, som ein del av ein medley med «Shake, Rattle and Roll» og «I Got a Woman». Dette vart gjeve ut på den posthume samleplata A Golden Celebration. Eit konsertopptak frå 1974 vart gjeve ut på Elvis: As Recorded Live on Stage in Memphis.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Fleire andre artistar har òg spelt inn «Flip, Flop and Fly», som Johnnie Ray (1955), Bill Haley and His Comets frå albumet Rock Around the Clock (1956), Downchild Blues Band (1973), The New York Dolls på konsertar i 1976, The Blues Brothers frå Briefcase Full of Blues (1978), Jerry Lee Lewis og Ellis Hall (1999), som vart nytta i animasjonsfilmen Chicken Run.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gilliland, John (1969). «Show 3 - The Tribal Drum: The rise of rhythm and blues. [Part 1]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 
  2. Dahl, Bill (1996). All Music Guide to the Blues. Miller Freeman Books. s. 254. ISBN 0-87930-424-3. 
  3. Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942–1988. Record Research, Inc. s. 419. ISBN 0-89820-068-7. 
  4. «Flip, Flop and Fly – Record Review». Billboard: 57. 26. februar 1955. 
  5. Koda, Cub. «Shake, Rattle and Roll – Song Review». Allmusic. Henta 24. juni 2017.