Flodskarv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flodskarv

Status i verda: LC Livskraftig

Flodskarv Foto: Dario Sanches
Flodskarv
Foto: Dario Sanches
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Suliformes
Familie: Phalacrocoracidae
Slekt: Phalacrocorax
Art: P. brasilianus
Namn på andre språk
  • Engelsk: Neotropic cormorant
  • Vitskapleg namn
    Phalacrocorax brasilianus

    Flodskarv (Phalacrocorax brasilianus) er ein liten til mellomstor medlem av skarvfamilien med utbreiing i neotropisk Amerika. Han er meir vanleg i innland enn langs kystar i utbreiingsområdet sitt.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Flodskarven med kroppslengd på 58-73 centimeter er ein liten skarv samanlikna med til dømes minste vanlege arten i Europa, toppskarv. Vaksne, modne flodskarvar har svart fjørdrakt. Drakta kan ha blåskjær, kvite fjørtufsar kan være synlege bak øyra og det kan vere små kvite strek rundt auga og på halsen. Eit kvitt, tynnt trådforma felt omkrinsar den gule strupeflekken langs randen av undernebbet og opp mot auget. Irisen er grøn til blå. Nebbet er grått, relativt kraftigare og kortare enn hos toppskarv. Beina er svarte, halen er relativt lang. Utanfor hekketida kan drakta vere meir kjedeleg brunsvart utan kvite teikningar, unge fuglar er òg meir brunlege. Kjønna er like. Lydytringar frå flodskarvar er sjeldne, men låge gryntelydar kan høyrast i hekketida.

    Utbreiingsområdet er generelt frå sørlege Texas, sentrale og sørlege Mexico, nordvestlege Karibia inkludert Cuba og sørover gjennom Mellom-Amerika og over det meste av Sør-Amerika der det finst passande habitat med ferskvatn. Ein finn flodskarvane nær sagt overalt ved ferskvatn, brakkhaldig vatn eller ved saltvatn, men alltid i nærleiken av land langs kystar, elver, elvemunningar og innsjøar. Dei kan leve i sjøar på 4000 moh. stundom heilt opp til 5000 moh. i Andes.

    Flodskarven er ein typisk fiskeetande art og den einaste skarven ein kjenner som er i stand til å stupdukke frå låg høgd. Mest vanleg beitar han ved å dukke og jakte fisk under vatn, oftast einslege, i par eller små grupper, men dei kan òg beite i samarbeidande grupper. Gruppene kan sjåast i strekformasjon eller v-formasjon i elver med skogkledde breidder.[1]

    Denne arten hekkar i store koloniar, koloniane kan huse opptil 1000 skarvepar og dei kan blande seg med andre kolonirugarar.

    Den globale populasjonen er estimert til ca. 2 millionar individ og er trudd å vere aukande (2007). Arten er derfor klassifisert som livskraftig, LC, av IUCN.[2]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    • Orta, J., Christie, D.A., Jutglar, F. & Kirwan, G.M. (2019) Neotropic Cormorant (Phalacrocorax brasilianus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 28. desember 2019
    Referansar
    1. Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185. 
    2. BirdLife International (2019) Species factsheet: Phalacrocorax brasilianus. Henta frå http://www.birdlife.org den 28. desember 2019

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Flodskarv