Flugefiske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Flogefiske)
Flugefisking i ei elv
Døme på stang, snelle og kastesnøre for flugefiske. Fluga er festa til kastesnøret med ein fortom av tynn sene

Flugefiske er ei form for sportsfiske utøvd med spesialisert fiskeutstyr: Flugestong, flugesnelle og flugesnøre, med ei kunstig fiskefluge som agn, lokkemat. Ein kan driva med flugefiske i elvar, bekkar, innsjøar og i saltvatn.

Flugefiske i elv og vatn går ut på å kaste agnet ut dit kor fisken står, og såleis freiste fisken til å hogge ved å servere agnet på høveleg vis framfor han. Mange legg stor vekt på å skaffe seg kunnskap om kor fisken står før dei finn posisjonen dei skal kaste frå, og tek seg varsamt fram for ikkje å uroe den fisken dei har merka seg ut som bytte. Ofte må fiskaren ut i elva eller vatnet for å få det mest gunstige utgangspunktet, og vere kledd for dette. Då fiskefluga er særs lita og lett, skil fiske med fluge seg frå fiske med kastesluk ved at det er sjølve fiskesnøret, ikkje agnet, som utgjer den massen som skal til for å kaste ut agnet. Kasteteknikken og utstyret er difor særs ulikt det som vert nytta under kasteslukfiske.

Ved flugefiske tek ein utgangspunkt i at det kunstige agnet skal etterlikna den naturlege føda til fisken, som insekt og andre byttedyr som småfisk, reker, krabbar og liknande. Insekt ein etterliknar er ofte døgnfluger, men ein kan også ha agn som liknar mygg, steinfluger, vårfluger, maur og augestikkarar. I Noreg finst ein sterk tradisjon for fiske med våtfluge, som ofte imiterer fiskeyngel eller symjande insekt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Flugefiske