Flora i Stjørdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flora
stad
Land  Noreg
Fylke Nord-Trøndelag
Kommune Stjørdal
Postnummer 7525 FLORNES
Kart
Flora i Stjørdal
63°27′28″N 11°21′02″E / 63.45777778°N 11.35055556°E / 63.45777778; 11.35055556

Flora, eller Floren, er ei bygd i Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag. Flora ligg mellom Hegra og Meråker. Ein person som bur der vert kalla florbygg.

Bygda sitt sentrum, Flornes, ligg på nordsida av Stjørdalselva, og har samband med Europaveg 14 på nordsida gjennom Fylkesveg 27 og Flornes bru. Det er elles og vegsamband til Vigdenes i Forradalen. På Flornes finst mellom anna Floren kapell, Flora oppvekstsenter (med Flormo skole), campingplass og daglegvarebutikk. Elevane ved Flormo skole soknar til Hegra ungdomsskole for vidare skulegang.

Flornes stasjonMeråkerbanen vart opna som Floren stasjon 17. oktober 1881, skifta namn til Flora stasjon i april 1921, og til Flornes stasjon 1. januar 1924. Stasjonen har vore utan folk på vakt sidan 1. mars 1971.

Bruk av «Flora» som bygda sitt namn vart godkjend av Statens kartverk i 1968. Flora utgjer grunnkrinsane Floren nordre og Floren søndre i delområde Hegra, og dei hadde til saman 272 innbyggjarar ved folke- og bustadteljinga i 1990. «Floren» er opphavleg dativsform av «Flora».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]