Florence Griffith-Joyner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Florence Griffith-Joyner i det kvite huset, 1988.

Florence Delorez Griffith-Joyner, også kjend som Flo-Jo (21. desember 195921. september 1998) var ein sprintar frå Los Angeles i USA. Florence Griffith-Joyner har den gjeldande verdsrekorden på både 100 meter og 200 meter sprint. Desse rekordane sette ho i 1988, og dei har aldri vore i nærleiken av å bli slått. Flo-Jo har difor blitt kalla «den raskaste kvinna i verdshistoria». Frå 1987 var ho gift med tresteghopparen Al Joyner, bror til Jackie Joyner-Kersee, kvinna som held verdsrekorden i sjukamp.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Florence Griffith viste tidleg talent for sprint og kvalifiserte seg opphavleg i 100 meter til sommar-OL 1980 i Moskva. Av di desse leikane vart boikotta av fleire land, m.a. USA, fekk ho ikkje delta. I 1983 deltok ho i VM i friidrett i Helsingfors og kom på ein fjerdeplass på 200 meter sprint. Neste år fekk ho OL-debutera under sommar-OL 1984 i Los Angeles. Her sprang ho inn til sølvmedalje på 200 meter på tida 22,04. Gullet gjekk likevel til USA, då vinnaren vart Valerie Brisco-Hooks. I 1987 deltok Florence Griffith-Joyner under VM i friidrett i Roma. Ho tok sølv på 200 meter bak austtyske Silke Gladisch. Under 4 x 100 meter stafett var ho med på å ta gull for USA.

1988[endre | endre wikiteksten]

1988-sesongen vart det verkeleg store året for Griffith-Joyner. Flo-Jo var i Indianapolis i juli under ein kvartfinale til kvalifiseringa til OL i Seoul. Den 16. juli sprang ho 100 meter på 10,49 sekund. Dette er gjeldande verdsrekord, og sjølv om nokre meiner at Griffith-Joyner hadde medvind, viste ikkje vindmålarane noko medan ho sprang. Den som har kome nærmast til å slå rekorden er Carmelita Jeter frå USA med tida 10,64.

Griffith-Joyner vart med rette ein storfavoritt til sommar-OL 1988. Ho vann 100 meter-finalen på 10,54 framfor landskvinna Evelyn Ashford. I semifinalen på 200 meter sette Florence Griffith-Joyner ny verdsrekord med 21,56 sekund, men slo denne igjen i finalen den 29. september. Den nye og gjeldande verdsrekorden kom på 21,34 sekund. Også i stafett var Flo-Jo med på å hausta gullmedalje for heimlandet i Seoul. Ho trekte seg tilbake frå toppidretten same året, rett etter at ho hadde vunne idrettsprisen James E. Sullivan Award. 100-meterfinalen frå Seoul vart kåra til nummer 98 på dei 100 største sportsaugneblinkane på britisk fjernsyn i 2002.

Dopingrykte[endre | endre wikiteksten]

Det gjekk mange rykte om at Florence Griffith-Joyner brukte doping. Ein tidlegare leiar i IOK uttalte i 1998 at Griffith-Joyner vart særskilt testa under OL i Seoul nettopp på grunn av desse rykta, men at dei aldri fann spor av doping i henne.

Dødsfall[endre | endre wikiteksten]

Florence Griffith-Joyner døydde brått då ho blei kvalt under eit epilepsianfall som ho fekk i søvne, 38 år gamal. Ho etterlét seg mannen Al og dottera Mary Ruth Joyner (f. 1990). Dottera har sjølv prøvd seg innan idretten, men har i staden engasjert seg i musikk og dans. M.a. deltok ho som songar i America's Got Talent i 2012. Al Joyner har seinare gifta seg opp att.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

IAAF: Verdsrekordane i friidrett for kvinner