Flosta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flosta
Uthavna Narestø ligg på Flostaøya Foto: Karl Ragnar Gjertsen
Uthavna Narestø ligg på Flostaøya
Foto: Karl Ragnar Gjertsen
Geografi
Norway - Flostaøya.png
Stad Sørlandet
Koordinatar 58°31′48″N 08°57′02″EKoordinatar: 58°31′48″N 08°57′02″E

Areal 7.9 km²

Høgaste punkt Øygardsåsen (68 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Aust-Agder
Største busetnad Nærestø

Flosta er ei øy og ein tidlegare kommune i Arendal kommune i Aust-Agder. Flosta var eigen kommune frå 1902 til 1961.

Flosta kommune låg delvis på fastlandet og delvis på øyane Flosta og Tverrdalsøya.

Frå 1837 var Flosta del av Dypvåg formannskapsdistrikt. Flosta vart skild ut som eigen kommune med 1 892 innbyggjarar 1. januar 1902.

1. januar 1962 vart Flosta, Austre Moland, Stokken og Strengereid krets i Arendal slått saman til ein ny storkommune som fekk namnet Moland kommune. Flosta hadde på dette tidspunktet 1 205 innbyggjarar.

Frå 1.1.1992 er Flosta saman med resten av Moland kommune ein del av Arendal kommune.

Kommunesenteret i Flosta var tettstaden Kilsund på Tverrdalsøya. Andre kjende stader i Flosta er uthamna Narestø.