Flosta kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flosta kyrkje
kyrkje
Foto: Karl Ragnar Gjertsen
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Arendal
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Arendal
Sokn Flosta
Fellesråd Arendal
Type Krosskyrkje
Teknikk Lafteverk
Material Tre
Innvigd Ukjent
 - Endringar Ca. 1628–32, ca. 1700, 1736, 1747, 1864 og 1977
Klokker 1506
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Ole Nielsen Weierholt 1750 (måla av Jørgen Schultz)
Døypefont Truleg 1864
Altartavle Måla av Samuel Dorn 1706
Orgel Peter Collins 1991
Sitjeplassar 290
Diverse Dekor i kyrkjesalen måla av Jørgen Schultz i 1749–1759. Dåpshus av Christian Suchow 1758 (staffert av Jørgen Schulz). Skriftestol rekonstruert 1970-åra.
Kart
Flosta kyrkje
58°31′43″ N 8°56′2″ E
Wikimedia Commons: Flosta kirke

Flosta kyrkje er ei krosskyrkje i Arendal kommune i Agder.

Alderen på denne kyrkja er usikker. Ho skal ha vore «brøstfeldig» i 1628 og i orden i 1632, men ein veit ikkje om det dreidde seg om nybygging eller istandsetjing. Kyrkja (som var langkyrkje) vart forlenga omkring 1700 og fekk vesttårn i 1736. I 1747 vart ho bygd om til krosskyrkje av Ole Nielsen Weierholt. Seinare er kyrkje utvida, og ho vart restaurert på 1970-talet med nyopning i 1977.

Krigsminnesmerke ved kyrkja

Trass i ytre form er kyrkjesalen som ei langkyrkje med koret i nord. Østre del er sal for kyrkjelyden og vestre er tårnet. Gamalt inventar som hadde vore overmåla eller skifta ut, vart restaurert på 70-talet.


Inventar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]